Uprisen søkjer nye kritikarklassar!

Vil din ungdomsskuleklasse melde årets norske ungdomsbøker? 

Vi søkjer lærarar og elevar som ønskjer å seie si meining om ungdomslitteratur. Saman med 32 andre klassar kan din klasse vurdere årets ungdomsbøker på uprisen.no. Bokmeldingane påverkar kva fem bøker som går vidare i kampen om å bli Årets ungdomsbok.  

Kritikarklasse frå Viken, hausten 2021. Med årets kritikar i midten. Foto: Vibeke Røgler/Foreningen !les.

Kva er Uprisen? 

Saman med Brageprisen og Kulturdepartementets barnebokprisar er Uprisen noko av det gjevaste ein forfattar kan mottaka. I Uprisen – årets ungdomsbok avgjer ungdommane kven som vinn.  

Prisarbeidet går gjennom heile skuleåret og er delt i fire. Først ut er dei 33 kritikarklassane som gjennom hausten melder alle årets ungdomsbøker. I januar nominerer ein ungdomsjury fem bøker på bakgrunn av kritikarklassane sine meiningar. Ei av desse bøkene vil vinne tittelen Årets ungdomsbok.  

På våren overtek juryklassane, som les og vurderer frå februar til mai, og kvar klasse diskuterer seg fram til ein favoritt. Alle juryklassar vel to representantar som dei sender til det fjerde leddet i prisen: Storjuryen. Storjuryen møtast på Norsk Litteraturfestival i Lillehammer siste veka i mai og kjem fram til ein felles vinnar. Prisen blir delt ut dagen etter. 

 

Kritikarklassane får:

  • Ei sentral rolle i kåringa av Norges viktigaste litteraturpris
  • Minst 15 ferske ungdomsbøker til odel og eie 
  • Tilbod om to timar skrivekurs, digitalt eller fysisk 

 

Skolen forpliktar seg til å: 

  • Gi læraren ein dag til oppstartseminar og førebuing. Utgifter er dekka. 
  • Publisere minst ein melding per tilsendte bok 

 

Kvifor søke: 

  • Uprisen gir ungdom påverknad. Deira meining er viktig for forfattarar, forlag og nye bokprosjekt.  
  • Elevane les heile bøker. At deira meining tel, motiverer til både djupdelesing og mengdelesing. 
  • Uprisen gir skrivetrening. Bokmeldingane som blir publisert på uprisen.no har offentleg verdi.  
  • Uprisen går over hele haustsemesteret. Det er intenst, men samstundes eit leseprosjekt med kontinuitet.  
  • Opplegget i seg sjølv er enkelt, men har rammer som gir leselyst. 
  • Uprisen gir leseglede. 

 

Alle klassar på ungdomstrinnet kan søkje. Skular kan søkje med fleire klassar. 

 

Søknaden må inneholde: 

  • Klassetrinn og skule 
  • Elevtal 
  • Kvifor de ønskjer å vere kritikarklasse 
  • Korleis de jobbar med litteratur 

 

Finn kontaktperson i ditt fylke her.

Søknadsfrist: 09.05.22  

 

Uprisen – årets ungdomsbok er eit samarbeid mellom Foreningen !les, Norsk Litteraturfestival og alle fylke. De kan få vite meir ved å sjå heile filmen eller lese meir under menypunktet om uprisen.