Utbryterne

Nina Borge Gyldendal 2020 28 anmeldelser

Året er 2075. I Norge styrer feministpartiet med jernhånd og luften er så forurenset at den er giftig. Carla er 17 år og jobber som lærling i Klimaavdelingen. Der finner de en formel som kan rense luften og redde verden Vis hele forlagsteksten

Hvordan skrive en anmeldelse

polarbrød grovt

beste boken jeg har lest

Skrevet av 22. mai 2021 av polarbrød grovt på uwu skole

I denne sci-fi romanen følger vi to hovedpersoner. Carla på 17 og Noah som er litt eldre. Året er 2075 og alt er ødelagt på grunn av klimakrisen og Kina-krigen. På grunn av alle konfliktene og kampene, har feministene klart å ta over Norge. Feministene har klart å lage sine egne redutter rundt om i landet, der damene styrer.
Carla jobber på klimaavdelingen inne på redutten i Sandefjord. Hun er en elitejente og avdelingen hennes har endelig funnet en kur for å rense den dødelige luften, men det er et problem. Noen er mer opptatt av penger enn ren luft, og vil derfor selge kuren. Johanna, som er lederen på klimaavdelingen, gir Carla kuren og ber henne dra til Oslo for å sende kuren videre til forskere rundt i Europa. Johanna tar Carla med til en hytte utenfor redutten, der de finner Noah. Han er barnet til Johanna, og bor i hytten. Da Noah ble født, satte Johanna han i hytta utenfor redutten slik at han skulle få mer «frihet». For et år siden sa Johanna til Noah at han skulle spionere på opprørsgruppen for feministene. Noah fikk venner der, og følte seg i live for første gang på lenge. Da Carla og Johanna kom brasende inn hytten, fortalte Johanna Noah at han måtte følge Carla og formelen til Oslo og beskytte henne samt kuren.
De måtte reise hele veien fra Sandefjord til Oslo, som var et godt stykke uten å bli oppdaget. Da de reiste, fikk Carla se hvordan de utenfor redutten virkelig hadde det. På veien oppdaget Carla også at søstrene hadde løyet for både henne og de andre inne på redutten. Underveis møtte de på vennene til Noah, men det så ut som om de allerede visste om oppdraget deres. De foreslo at de kunne hjelpe dem, men var de virkelig til å stole på, eller visste de og Garm om formelen Carla hadde? På reisen møtte de på mange problemer. Alt for mange problemer. Klarer de virkelig å sende formelen til alle forskerne? Hva om de ikke klarer det, ble alt de hadde gjort gjennom reisen gjort for gjeves?

Boken starter i medias res, med perspektivet fra to personer. Handlingen i boken er ekstremt uforutsigbar og inneholder ekstremt mange spenningskurver uten dødpunkt. Når jeg leste boken, var det ikke en eneste gang jeg leste der jeg syns boken var kjedelig. Utbryterne er en bok som er veldig vanskelig å legge fra seg når det kommer til action-scenene. Det er ekstremt lett å leve seg inn i boken og det er som om du ser på en film inni hodet ditt.
Boken er skrevet på sosiolekt som gjør boken ekstremt lett å lese. Mot slutten av hvert kapittel er det en cliffhanger som får leseren til å ville fortsette. I denne boken er det ikke action på action, men har samt en blanding med drama. Når Noah og Carla reiser sammen får vi vite mer om problemene og privatlivet dems i forhold til når de for eksempel skal rømme fra feministene i Drammen. Det beste med Utbryterne er at de tar opp samarbeid, vennskap, urettferdighet, likestilling og kjærlighet.
Fra mitt perspektiv er dette en ekstremt orginal og spennende bok. Jeg syns at kreativiteten til Nina Borge er ekstremt bra. Jeg vil ikke si at den er unik, for jeg har sett noe lignende før, med muren, teknologien og forskjellen. Det som var annerledes var jo da feminismen. Maze runner er en filmserie som jeg tenkte mye på når jeg leste denne boka.

Jeg ville ha anbefalt denne boken til alle fra 12 og oppover, spesielt de som liker sjangerne sci-fi og action.

Treningkast:
6


Oda Aspveik

Feministanes bedrag

Skrevet av 20. mai 2021 av Oda Aspveik på Stokksund skule

Tittel: Utbryterne
Forfattar: Nina Borge
Forlag: Gyldendal
Sidetal: 361

Over heile verda i 2075 er det feministane som styrer. Lufta er giftig å puste og alle må gå i dyre masker. Carla er ei elitejente frå Oslo som no jobbar i Sandefjord på klimaavdelinga inne i redutten. Der prøvar ho å finne den siste komponenten for ein kur som skal gjere lufta trygg å puste igjen. Ho får det til og mange prøver å få tak i den og ho må flykte med kuren til Oslo for å sende den ut til andre leiarar som skal hjelpe med å sende kuren ut i lufta slik at det vert gratis frisk luft for alle. Noah er ein gut frå utsida av redutten og verdt bedt om å vere med til Oslo for å beskytte/hjelpe Carla. Noah som er lei av å vere andrerangsborger i ein verden der feministane regjerar og menn ikkje eingong har lov å gå aleine i gatene. Verken Noah eller Carla liker ideen om at dei skal dette saman, men for at dei skal få det til må dei leggje forskjellar til side og samarbeide.

Boka er spanandes og fangande. Den er litt treig i starten, men når den bygg seg opp så er den utruleg spanande, fordi då kjem alle handlingane. Den er litt forutsigbar fordi den har den typiske romansen mellom to personar som går frå å ikkje kunne fordra kvarandre, til at dei kunne døydd for kvarandre. Eg vart litt irritert over at på slutten tenkte ikkje Carla på nokon andre enn Noah, ho tenkte ikkje på nokon av dei som hadde døydd for dei eller på dei som hadde ofra mykje for dei. Det var nokon plassar det vart for enkelt å sleppe unna dei slemme, og det var litt dårlege beskrivelsar av karakterane. Eg trur ganske mange kan kjenne seg igjen i Carla fordi ho har eit stort dilemma om å velge mellom seg sjølv eller andre og ho må forandre livet heilt fordi det jo har blitt fortalt ikkje er sant, så ho må trosse det ho trur på.

Alt i alt syns eg boka var kjempebra og gir den derfor terningkast 5.


Elvira

Ikkje gå glipp av denne boka!

Skrevet av 18. mai 2021 av Elvira på Stokksund skule

Utbryterne
Forfatter: Nina Borge
Forlag: Gyldendal

Det er ca 50 år fram i tid . Feministane styrer samfunnet. Lufta er urein å folk døyr av lufta kvar dag. Carla som jobber på klimaavdelinga har funnet ut formelen for å reinse lufta. Ho må få den til Oslo. På reisa tar ho med seg Noah og ho møter mange interessante mennesker. Og mange hindringer.

Sjølv synast eg dette var ein ekstremt bra bok. Til tider ville eg ikkje legge den fra meg. Boka bestod av mange spenningskurver. På enkelte ting var den forutsigbar som forholdet mellom Noah og Carla, det var sånn typisk kjærleikshistorie.
Boka er ikkje direkte laga for å kjenne seg igjen i tenke eg, men Carla trur eg mange kan kjenne seg igjen i. Skildring av karakterar var dårleg på enkelte, men bedre på andre. Eg tenker sjølv at vist du har god kreativitet kan du lett sjå for deg miljøet.
Ingen veit korleis Noreg ser ut om 50 år, men eg synast forfatteren har hatt god kreativitet og forklart miljøet og handlinga godt. Heile historia passer godt ilag og språket passer karakterane. Boka er veldig orginal fordi det rollebytte og tida det skjer har eg ikkje lest om før.

Sjølv om boka er på 360 side går den for so vidt fort å lese. Språket er godt å ikkje dårleg formulert. Språkbruket er bra og det passer gruppa boka er for.

Carla og Noah må redde verden frå den giftige lufta. Eg trur forfatteren hadde ein vill ide om dette en dag og bygde på. Det var kjekt å sjå korleis samfunnet var når mennene var dei underlegne. Det beste med boka er handlinga. Eg anbefaler at du les boka, for innholdet er veldig bra og eg trur ein he godt av å lese den.

Terningkast 5


Selma

Ein unik bok

Skrevet av 18. mai 2021 av Selma på Stokksund skule

Tittel: Utbryterne
Forfatter: Nina Borge
Utgivelsesår: 2020
Antall sider: 361
Forlag: Gyldendal

Boka handlar om Carla og Noah som lever i år 2070, der kjønnsrollene er snudd på hovudet. Lufta er forureina og Feministpartiet styrer landet. Menn har inga moglegheit og blir sett på som valdtektsmenn.
Carla er ei elitejente og er lærling på klimaavdelinga, medan Noah som gutt er med i ei opprørsgruppe for å kjempe for rettane til gutar og menn. Saman må dei gå frå Sandefjord til Oslo, med ein formel som kan reinse lufta. Men det skal vise seg å bli vanskelegare enn dei trur, og dei møter stadig på nye utfordringar. Med ulik bakgrunn må dei leggje det til side og samarbeide.

Forfattaren klarer å få fram personane sine følelsar ved å bytte på synsvinkel som kapittel. (Carla og Noah sitt synsvinkel) På den måten kjem du nærare inn på dei, og det blir enkelt å sjå for seg handlingene. Det er ein treig start på boka, og kan føles tungt å lese til tider. Men utover når du kjem inn i boka skjer det meir rundt hovedpersonene, og det blir det vanskelegare å leggje frå seg. Den kunne ha klart seg med rundt 290 sider, ved å kutte ned på byrjinga.

Eg anbefaler boka til dei som likar spenning, og du treng ikkje å være glad i å lese for å like denne. Sjølv om den har 361 sider er dei enkle og kjappe å lese.

Terningskast 5


Angelica

Klarer dei å rense lufta?

Skrevet av 18. mai 2021 av Angelica på Stokksund skule

Tittel: Utbryterene
Sjanger: Futurisk Ungdomsroman
Forlag: Gyldendal
Sider: 361

I Utbryterne får vi innblikk i korleis det er å leve i 2075, og feministpartiet regjerer. 17 år gamle Carla jobbar som lærling i Klimaavdelinga. Der hjelper ho til med å finne formelen som kan rense lufta, og redde verda. Carla og Noah set ut på eit oppdrag der dei skal sende ut formelen til andre forskarar.

Det vanskelegaste med boka er nok å kome seg gjennom starten. Det tek litt tid før spenninga kjem, men romanen inneheld fleire spenningstoppar. Det går relativt fort å lese, og det er enkelt å leve seg inn i handlinga. Utbryterne er ein av dei beste bøkene eg har lese, og plottet er originalt. Eg har ikkje lese, sett eller høyrt om noko liknande, og boka inneheld ikkje mykje klisjear.

Boka er skriven slik at Carla og Noah, hovudpersonane, har kvar sitt kapittel. Eg synest det er ein grei måte å gjere det på, men for nokon kan det vere vanskeleg å følgje med. Språket er litt komplisert, med tanke på at der er nokon ord som kan vere litt vanskelege. Personleg meiner eg at det var enkelt å kome seg gjennom dei 361 sidene. Når vi ser på skildringar og karakterar synest eg at dei var forklart på ein god måte. Boka er og skriven på ein slik måte at ein merkar at karakterane forandrar seg i løpet av boka, dette synest eg er veldig bra.

Dette var ei veldig god bok, som eg vil anbefale å lese. Til tider er det vanskeleg å leggje den frå seg fordi ein blir så engasjert i handlinga. Eg vil gi den terningkast 5, der det einaste som trekkjer ned er at starten var treig.

Vis flere anmeldelser

[x] Lukk vindu
Angelica

Klarer dei å rense lufta?

Skrevet av 18. mai 2021 av Angelica på Stokksund skule

Tittel: Utbryterene
Sjanger: Futurisk Ungdomsroman
Forlag: Gyldendal
Sider: 361

I Utbryterne får vi innblikk i korleis det er å leve i 2075, og feministpartiet regjerer. 17 år gamle Carla jobbar som lærling i Klimaavdelinga. Der hjelper ho til med å finne formelen som kan rense lufta, og redde verda. Carla og Noah set ut på eit oppdrag der dei skal sende ut formelen til andre forskarar.

Det vanskelegaste med boka er nok å kome seg gjennom starten. Det tek litt tid før spenninga kjem, men romanen inneheld fleire spenningstoppar. Det går relativt fort å lese, og det er enkelt å leve seg inn i handlinga. Utbryterne er ein av dei beste bøkene eg har lese, og plottet er originalt. Eg har ikkje lese, sett eller høyrt om noko liknande, og boka inneheld ikkje mykje klisjear.

Boka er skriven slik at Carla og Noah, hovudpersonane, har kvar sitt kapittel. Eg synest det er ein grei måte å gjere det på, men for nokon kan det vere vanskeleg å følgje med. Språket er litt komplisert, med tanke på at der er nokon ord som kan vere litt vanskelege. Personleg meiner eg at det var enkelt å kome seg gjennom dei 361 sidene. Når vi ser på skildringar og karakterar synest eg at dei var forklart på ein god måte. Boka er og skriven på ein slik måte at ein merkar at karakterane forandrar seg i løpet av boka, dette synest eg er veldig bra.

Dette var ei veldig god bok, som eg vil anbefale å lese. Til tider er det vanskeleg å leggje den frå seg fordi ein blir så engasjert i handlinga. Eg vil gi den terningkast 5, der det einaste som trekkjer ned er at starten var treig.

Til toppen