Smadra

Brynjulf Jung Tjønn Flamme 2018 79 anmeldelser

Faren til Oda triller sykkelen hennar i garasjen. No skal ikkje Oda bruke han meir. Ho har så dårleg balanse, men dette var absolutt siste gong Oda skal falle og slå seg. Det er historia Oda fortel til alle dei som Vis hele forlagsteksten

Hvordan skrive en anmeldelse?

Lovise

Lovise

Skrevet 3. april 2019 av Lovise på Velledalenmontessoriskule

Smadra
Boka handla om ei jente som heite Oda. Ho bor med mora og faren sin. Faren er ikkje så veldig mykje heime, så det er for det meste berre Oda og mora. Når faren er borte slår mora Oda.

Eg likte at boka startar rett på med at mora slår ho. Eg likte at boka var på nynorsk. Eg likte at boka fikk fram eit veldig viktig tema.


Julia

Julia

Skrevet 1. april 2019 av Julia på Velledalenmontessoriskule

Smadra

Boka handlar om Oda som har ei mor som slår ho sann at ho begynner å grine. Oda vil ikkje sei det til andre fordi ho er redd for kva som kan skje med mora. Oda har ein bestevenn som heiter Milad og eg trur at han hadde ein mistanke om kva som skjedde heime med Oda.

Eg synest boka er spennande og har eit godt bodskap om kva andre ungar kan gå igjennom i kvardagen sin. Eg anbefaler boka til dei som likar dramabøker.


Oleanne

Oleanne

Skrevet 1. april 2019 av Oleanne på Velledalen Montessoriskule

Boka starta veldig rett på med at Oda blei slått av mora. Eg likte den og synest den hørtest spennande ut. Boka passar for dei som vil lese drama og den er veldig kort. Boka fekk også fram eit viktig tema. Eg likte også at den var på nynorsk.


Anda Leirmo

Anda Leirmo

Skrevet 1. april 2019 av Anda Leirmo på velledalen montessoriskule.

Hekkje lest heile boka,syns utdraget var positivt.At denne boka handlar om ein så viktig ting er bra.snakka berre dialekt,men det var bra den ikkje va på Bokmål,men nynorsk.
9/10.


Ingrid Hole Bjørneseth

Ingrid Hole Bjørneseth

Skrevet 29. mars 2019 av Ingrid Hole Bjørneseth på Velledalen Montessoriskule

Eg likte boka. Eg likte at det begynte rett på, med at mora slo først ein gong så ein gong til. Boka fikk fram eit viktig tema. Eg synest at det er bra at den er på nynorsk sidan eg pratar det, men det er også bra at den er på nynorsk fordi da lærer folk litt meir om det. 😉

Vis flere anmeldelser

[x] Lukk vindu
Anna

Anna

Skrevet 7. desember 2018 av Anna på Lom ungdomsskole 10A

Boka handlar om Oda som blir mishandla av mora hennar.Mennesker rundt Oda trur at såra i fjeset hennar er der grunna at ho har dårleg balanse,og falt på sykkelen.Oda og mora held denne vonde hemmelgheita skjult for far til Oda og alle andre.
Boka hadde gode skildringar,og det var realistisk.Eg likte at det vart fortalt ting som hadde skjedd i fortid.Boka beskreiv godt korleis Oda følte seg og,og forholdet ho hadde til mora si.Boka vart til tider kjedeleg,og det var lite som skjedde.Eg likte ikkje slutten,da ein ikkje fikk vite korleis det gjekk med Oda og mora
Eg gjev denne boka terningkast 4

Til toppen