Sinne

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen Samlaget 2020 20 anmeldelser

15 år gamle Synne har ADHD. Det boblar og kokar inni henne. Ho skjeller ut lærarar og elevar og endar ofte på kontoret til rådgivaren ved skulen. Rådgivaren vil at ho skal begynne med medisin igjen. Heldigvis har Synne bestevennen Vis hele forlagsteksten

Hvordan skrive en anmeldelse

Thea

Ei bokmelding av "Sinne"

Skrevet av 14. oktober 2020 av Thea på Averøy ungdomsskole

Ei bokmelding av «Sinne»
Sinne er ein lettlest roman om ei 15 år gammal jente ved namn Synne. Ho går på ungdomsskulen og har ADHD. Boka er innom tema som kjærleik, vennskap, livet med skilde foreldre og ikkje minst korleis det kan være å ha ADHD.
Min meining om boka er at den var helt grei. Eg kan forstå korleis den har vært så vellykka og kvifor den kan være fengande for mange. Boka var fengande til ein viss grad. Spenningskurven gjekk opp og ned ofte, det gikk aldri for lenge før det skjedde noko, men det var til tider litt føreseieleg, og eg brydde meg heller ikkje nokk om karakterane. For min del så synest eg boka var litt enkel, men det er ei ungdomsbok så det var heller ikkje forventa at den skulle vere djup.
Eg synast at boka er god på å framstille kva Synne føler det, og er spesielt realistisk skrevet når det gjelder korleis det kan være å ha skilde foreldre. Eg likar også korleis man får eit innblikk i korleis det kan vere å ha ADHD, det er ein av tinga eg likar best i boka. Det at det kjem fram at ho ikkje vil fortelja folk at ho har ADHD verkar realistisk, ho er redd for å bli erta sånn som på barneskulen og vil ikkje bli behandla annleis. Tingen som eg likar aller best med heile boka er det at ho ikkje vil at ADHD skal definere henne som person, detta er det mest ekte med heile boka. På den andre sidan så er det sluten som irriterer meg mest med heile boka, alt løyste seg alt for enkelt for at det skal vere realistisk.
Terningkast, eg ville nokk ha gitt boka ein trear. Det er ei helt grei bok, men eg synast ikkje at man får så mykje ut av boka. Det spørs litt kvifor du les boka, eller kva du forventar. Viss du les den for å få større forståing for korleis det er å leve som ungdom med ADHD så kan detta vere ei bok som gir deg litt, men viss du siktar meir mot vennskap og kjærleiks sida av boka så ville eg ikkje anbefalt den. Det er same historie som er blitt fortalt tusen gonger før, den delen av boka syntes eg var monoton.


Ada Aandahl Nekstad

Ada Aandahl Nekstad

Skrevet av 14. oktober 2020 av Ada Aandahl Nekstad på Averøy ungdomsskole

Ærleg fortalt om «Sinne» – burde du lese ho?

«Sinne» er ei fin drama bok som handlar om Synne på 15 år, med ADHD. I boka blir vi kjende med Synne, som treffe på ein rekke problem og situasjonar som skapar komplikasjonar med både familie og vener. Samtidig som det er drama må Synne også tenkje mykje på ADHD, og kva som er lurast å gjere i forhold til medisinar.
Personleg likte eg boka, og synes ho var god og spennande. Eg synes Ann Helen Kolås Ingebrigtsen har gjort ein bra jobb med å skildre livet med diagnosen i boka. Ho har skrivet boka slik at ho blei interessant å lese vidare i. Nokon stader blei ho kanskje litt tørr, men alt i alt var ho veldig bra. Det var ein rekke gongar det skjedde noko som ikkje var forventa, som gjorde at spenningskurva gjekk opp fleire gongar i boka.
Sjølve hovudpoenget i boka var jo at Synne har ADHD. Eg synes Ingebrigtsen har skrive om det på ein veldig bra måte. Ho har fått frem både bra og dårlige sider ved å ha ADHD, og ho har skrevet om det på ein slik måte at vi kan skjønne litt korleis det er for Synne. Forklaringane i boka gir oss mange bildar på korleis Synne hadde det og kva ho følte.
Det beste med boka, frå min side, må vere at ho handlar om noko som kan vere ei verkelegheit for mange, og at ho ikkje handlar om ein «perfekt» jente med eit «perfekt» liv. Det var ikkje noko eg synes var irriterande, alt som sto gjorde boka relevant og spennande. Eg gir boka eit terningkast 5 og anbefaler å lese boka til både vaksne og ungdommar.


Maja

ADHORE

Skrevet av 14. oktober 2020 av Maja på Averøy ungdomsskole

Tittel: Sinne
Forfatter: Ann Helen Kolås Ingebrigtsen
Forlag: Samlaget

Boka handlar om ei jente som heiter Synne, ho er 15år og går i tiaandeklasse. Ho har sjukdomen ADHD, som kan gjære det litt vanskelig for ho og følgje med, og ho kan vera impulsiv og hyper til tida. Ho er redd for at folk skal dømma og gjære narr av ho vist dei finner ut at ho har det. Rådgivaren, mamma og pappa vil at ho skal begynne på medisin men ho er litt skeptisk. Men ho har ei bestevenninne Torunn, ho går i klassa. Det er ikkje alle som Synne er så god venn med som mean girl/insta jenta Kine og hennas venn( kanskje meir) Jørgen. Men heldig vis for alle jentene har det flytta ein ny gut, ein verkeleg eye candy.

Etter min meining så er ikkje boka så bra som dei skal ha det til. Den var litt kjedlig og uinteressant. Den traff ikkje min smak, den var litt for klein og urealistisk. Språket var veldig dødt og eg fikk ikkje bildar i hovudet, og eg likte ikkje at det var nynorsk. Eg gir boka ein terningkast 3 fordi den falt ikkje i smak og virket litt barnslig og var uinteressant.


Oliver

Sinne

Skrevet av 14. oktober 2020 av Oliver på Averøy ungdomsskole

Meling av bok ‘’Sinne’’
Boka handlar om ei jente som heiter Synne og ho har ADHD. Synne lever eit liv der ho ikkje blir godtatt eller ho føler seg ikkje godtatt. Ho føler ho får alle imot seg pågrunn av ei jente som heiter Kine. Kine er liksom den populære jenta og ho blir likt av alle, Kine er rik og populær. Så Kine øydelegg for Synne og kallar ho ad hora og masse anet. Synne slit med foreldra sine og faren og mora er skilt som då gjer ting vanskliere
Boka har både drama, humor og fantasy
Jeg synes at boka den var litt treig i starten men når du kommer deg utover i boka/handlinga så blir det ganske oppslukande. Boka hadde eit par høydepungt for eksempel når Syne kysset en annen gutt når hun hadde kjæreste. Eller når synne satt seg i bilen til faren også kastet faren synne ut av bilen. Så det var den delen av boka eg blei overaska av.
Eg synast boka var litt kjedeleg og grunnen til det er fordi det var ikke nok høydepunktar eller spenningskurvar slik at boka blei litt tam synas eg.
Boka er bra for folk som likar drama. De var ingen handlingar eg blei irritert av men de var den delen av boka der faren kasta synne ut av bilen som fikk meg til å åpna augane. Men som sagt noka er bra for folk som liker drama
Men ellers er det ei solid bok
Terningkast 4.


Peter Pan

terningkast 2

Skrevet av 14. oktober 2020 av Peter Pan på Averøy ungdomsskole

Melding avsinne bok

Boka handlar om nokon med ad hd ved namn synne som slit på skulen og må ta tablettar men vil slutta med det og foreldra er skilde. ho er hos mora og boka handlar om livet til tenåring der ho er på fest og sånn. men skjønna ikkje kosn sjanger det er.

Eg synest ho var kjedeleg og klarte ikkje å følgja skikkeleg med og fekk ikkje noe bilde i hovud av kva som skjedde og synest ho var litt vag og matt.

Eg tenker det beste er slutten men resten er kjedeleg og liker han ik

Vis flere anmeldelser

Til toppen