Sinne

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen Samlaget 2020 31 anmeldelser

15 år gamle Synne har ADHD. Det boblar og kokar inni henne. Ho skjeller ut lærarar og elevar og endar ofte på kontoret til rådgivaren ved skulen. Rådgivaren vil at ho skal begynne med medisin igjen. Heldigvis har Synne bestevennen Vis hele forlagsteksten

Hvordan skrive en anmeldelse

Morjan

Mohohalalalala

Skrevet av 13. januar 2021 av Morjan på Lambertseter skole

Det handlar om ei jente hun er 15-åring hun har ADHD som er veldig skeptisk på å begynne på medisinar. Synne har en hemmelighet som hun ikke vil at noen andre skal få vite enn bestevennen Torunn. Hun heter Synne Men noen kaller henne sinne, fordi hun fort kan bli sint.

Den var spenne og gøy boken er kjempe kul.❤️✨✨


Oda Otterhjell

Ein gong Adhore, alltid Adhore.

Skrevet av 15. desember 2020 av Oda Otterhjell på Luster ungdomsskole

Boka handlar om ei nok så vanleg jente med ein diagnose som blir kalla ADHD. Som mange andre havnar ho oppi «bestevenn-konfliktar», guteproblem, festar og mykje meir. Boka Sinne inneheld ein del om korleis livet vert påverka av å ha ADHD. Ho fortel og litt om korleis familien hennar er, korleis det kjem i klassen og korleis det går når det er nye folk i klassen. Eg trur forfattaren har skrive denne boka fordi ho kanskje har diagnosen sjølv, ho syns dette temaet er viktig. Denne boka har ein god bodskap og kan lære andre om korleis det er å leve med denne diagnosen.

Boka var ganske lett å lese, den var enkel å følgje med på og det var ikkje for mykje detaljar. Setningane var ikkje for lange men dei var ikkje så korte at det nesten berre blei stikkord. Boka hadde ein del overraskande hendingar og var litt oppslukande. Boka inneheld litt banning, nokre dialektord, ein del replikkar, men mest tankar der eg personen fortel. Dette er ei bok om ei jente som har ADHD, ho fortel korleis det er å leve med diagnosen. Ho opplever mange ubehagelige, gode, triste og opplevingar der ho blir sint. Dette kan og føre til den ordbruken som er i boka, eg synest ordbruken passar til denne boka og kva det handlar om. Boka er også skrive på ein måte som gjer den interessant, det er ein del ting som skjer som mange unge kan kjenne seg igjen i. Eg trur det er difor denne boka blir interessant og du berre vil lese meir og meir.

Terningkast: 5
Eg syns denne boka burde nominerast til UPrisen.


Ella Orrestad

S-Y-N-N-E ikkje SINNE

Skrevet av 15. desember 2020 av Ella Orrestad på Luster ungdomsskole

Boka eg har lese heiter Sinne, og den er skrive av Ann Helen Kolås Ingebrigtsen. Det er forlaget, Samlaget, som har gitt ut denne boka.

Når det gjeld denne boka må sjangeren vere drama.

Grunnen til dette er fordi boka handlar om ei jente som heiter Synne, ho har ADHD. Grunna av sjukdommen kan ho ha humørsvingningar og vanskeleg for å konsentrere seg. Derfor kan ho bli fort sint, og det er der ho har fått kallenamnet Sinne ifrå. Men ho vil vere Synne, ikkje Sinne. I dette skuleåret byrjar ein ny gut i klassen. Det er fyrst då dramaet byrjar. Den nye guten heiter Johan, og han og Synne blir sammen. Synne og bestevennen hennar, Torunn, kranglar og Johan og Synne slår opp. Midt oppi alt saman masar familien til Synne på ho om at ho skal byrje med medisin. Kva skal ho gjere, og vil alt ordne seg med Torunn og Johan?

Boka startar litt brått. Men den gjer slik at du vil forsette å lese. Den er på mange måtar oppslukande, men også litt treig. Boka startar med at Synne fortel litt om korleis ein dag kan gå frå kjedeleg og normal, til å bli ein katastrofe som snur opp ned på alt saman.

Boka har veldig mange spenningspunkt, og det er mange dillemaer som hovudpersonen skal ta, og det er også mange kranglar og mykje drama.

Eg levde meg inn i boka, nettopp fordi dette er "typisk" ungdomsdrama.

Denne boka har ikkje så veldig mykje originalitet, nettopp fordi det er ein heilt "vanleg" ungdoms drama bok.

Boka er veldig realistisk, nettopp fordi det ikkje er noko magi med i boka, men handlar om ei nokså vanleg jente, i ein nokså vanleg klasse i eit nokså vanleg miljø.

Noko eg la godt merke til i boka var at det var ein del "moderne", språk, og det var mange engelske ord blanda inn i samanhengen. Det er blitt meir vanleg med eit norsk-engelsk språk i dag. Noko anna som gjorde at språket vart meir "moderne" , var at det var ein del banning i boka.

Boka fortel litt om korleis det er å vere ungdom no til dags, og eg anbefaler å lese boka.


Ronja Fuhr Haugen

Sinne

Skrevet av 15. desember 2020 av Ronja Fuhr Haugen på Luster ungdomsskole

Eg likte boka sinne, veldig godt. I boka er det mange problemstillingar som må løysast. Når eg først byrja å lese klarde eg ikkje å slutte før boka var utlest. Det var det som gjorde boka bra. Eg anbefaler å lese denne boka. Den passar for alle og har eit fint bodskap. Men eg meiner at denne boka passar aller best for ungdommar i alderen 12 år og oppover.
Sjangeren i boka er drama, romantikk og humor. Boka handlar om Synne som har ADHD og klarar ikkje alltid å styre sinnet eller energinivået sitt. Dette pregast ho veldig av og må ta ein vanskeleg avgjersle. Johan er ny i klassa og han og Synne blir godt kjende. Men så dukkar det opp vanskelegheiter og problem som Synne må løyse.
Boka starta rett inn i handlinga. Eg syns det var bra, for då er det ofte meir spennande enn når forfattaren skriv ein litt treig og beskrivande innleiing, og boka slutta eigentleg ganske forventa. Boka var vanskeleg å legge frå seg når eg fyrst hadde begynt.
Eg kjende meg ikkje igjen i boka men boka var likevel lett å leve seg inn i fordi handlinga var veldig bra og interessant.
Heile boka passa saman. Byrjinga, midten, slutten, språket, karakterane og handlinga. Alt passa saman. Boka fekk meg til å sjå vanlege hendingar med nye auger. Handlinga i boka var realistisk og handla om noko som kunne skjedd på ekte.
Boka vart lettare og lettare å lese jo lenger eg kom. I starten var det ikkje så spennande og boka var litt tung å lese. Etter kvart begynte boka å bli veldig spennande og innhaldet begynte å bli interessant. Då vart boka mykje lettare å lese.
I boka er det ein del banning og litt stygt språk, men eg syns det passa godt inn i handlinga og gjorde handlinga lettare å forstå og meir interessant.
Eg trur det forfattaren vil få fram i boka er å forstå at alle er forskjellige og at det ofte er ein grunn for at folk er slik dei er og at vi må lære oss å respektere forskjellar. Boka formidlar også vanskelege problemstillingar som dei fleste mest sannsynleg må igjennom i løpet av livet. Spesielt i ungdomsalderen.
Det beste ved boka var at handlinga var veldig bra og at dette er ei bok alle har godt av å lese. Eg anbefaler denne boka til andre. Spesielt ungdommar.
Eg syns denne boka burde nominerast til Uprisen.
Terningkast 5/6
Ronja F. Haugen


Malene Kvalsøren

Sinne

Skrevet av 15. desember 2020 av Malene Kvalsøren på Luster ungdomsskole

Tittel: Sinne

Antall sider: 202

Forfattar: Ann Helen Kolås Ingebrigtsen

Målgruppe: ungdom

Utgitt: 2020

Boka Sinne er ei spennande bok. Det er ein del drama med heilt vanlege problem som tenåringar har, men det er litt vanskelegare for Synne pga ADHD’en hennar. Ho taklar ikkje alle situasjonane like bra som alle dei andre i klassen, det synest ho er dumt. Det er ingen i klassen hennar som veit om at ho har ADHD, berre veninna hennar, Torunn.

Litt uti boka kjem det ein ny gut i klassen, og alle jentene blir forelska med ein gong dei ser han, Synne er den heldige jenta som får han heilt for seg sjølv. Det er berre eit problem, den eine og einaste veninna hennar, Torunn likar også denne guten. Synne prøver så hardt ho kan å fortelje dette til Torunn, men det kjem ikkje ut…

Foreldra til Synne har bestemt seg for å skiljast, det blir ein stor utfordring, spesielt når faren finn ei ny dame, då blir alt heilt forferdeleg.

Eg syntest at denne boka var heilt ok. Det skjedde liksom ikkje så mykje spennande, det var berre eit heilt basic liv, berre med litt ekstra utfordringar. Derfor syntest eg at boka er orginal fordi det ikkje er ein del av ein trend, og det er ikkje så mange som skriv om dette temaet. Eg syntest at dei kunne ha brukt litt meir tøffare ord og gjort boka enda meir spennande, sidan det er ei jente som har ADHD så tenker jo eg at det skal vere mykje action og masse drama sidan ho har meir energi enn andre, men eg det syntest ikkje så masse i denne boka. Viss eg ikkje hadde vist at ho hadde hatt ADHD så hadde eg ikkje trudd at ho hadde det heller, berre ei jente med bittelitt ekstra energi. Denne boka hadde vore heilt perfekt for ein 9/10 åring, men meg som er 14 år så kunne det godt ha skjedd litt meir, kanskje overdreve litt med språket og handlingane. Det var ikkje slik at det var umogeleg å leggje frå seg boka fordi det var så spennande, berre nokre få sider hadde dramatisk handling.

Eg gir boka terningkast 4/5

Vis flere anmeldelser

Til toppen