Kasper Solheim Monsen

Kasper Solheim Monsen

Skrevet av 15. desember 2020 av Kasper Solheim Monsen på Luster ungdomsskole

Sabotør – bokmelding

Denne boka har John S. Jamtli skrive, den handlar om 2. verdskrig og om vennskap. Det er forfølging, fengsling og avrettingar. Historia er fengande, lett å lese fordi den er kronologisk, det er mykje ytre handling, og sist, men ikkje minst masse spenning.

Boka er ei teikneserie, og det er fine, kreative og fantasifulle teikningar. Illustrasjonane fortel, saman med replikkane i historia, og dette fungerer godt i saman. Som lesar slepp ein å fantasere fram korleis personane ser ut, det har teiknaren gjort for oss. Nokre teikningar er likevel litt vanskeleg å forstå, eller skjønne kva som er meint.

Eg trur litt på hendingane og personane i denne boka, det er mykje likt 2 verdskrig. Dei fleste er ok i starten på krigen, men så fort det strammar seg til blir nokre av menneska slemmare og slemmare. Språket er ok, sjølv om nokon kan reagere på all banninga, men eg tykkjer det passar inn når det er krig.

Forteljinga er spennande heile tida fordi det er krig, og det er vennskap. Forfattaren vil kanskje formidle at det er vanskeleg å leve under krigen og at det er tøft for mange. Eg trur at barn og ungdom som liker og lese skrekk, humor og spennande bøker, vil bli oppslukt av denne boka, den har alle desse 3 punkta.

Teikneserien er verdt å lese viss du liker spennande, morosame og fantasifulle bøker. Den er veldig lett å komme inn i, og skuffar ikkje, den held på spenninga utover heilt til slutten. Bak i boka har forfattaren skrive historiske fakta om og frå krigen, etter å ha lese boka er det spennande å lese korleis det verkeleg var.

Teikneserien fortener verkeleg terningskast 5. Det einaste som trekkjer ned nokre gonger, er litt forvirrande teikningar og snakkebobler, elles er dette ei flott bok å lese.

Til toppen