På leit etter hjartet ditt

Tone Nilsen-Bie Utenfor Allfarvei Forlag 2022 2 anmeldelser

På leit etter hjartet ditt er en ungdomsroman om sorg, men også om valgene man man tar som ung. En ung jente forelsker seg, og hennes utkårede dør i en bilulykke før forholdet starter ordentlig. I sorgen og fortvilelsen over Vis hele forlagsteksten

Hvordan skrive en anmeldelse

Marianna

Finn ho hjartet?

Skrevet av 28. september 2022 av Marianna på Stokksund skule

“På leit etter hjartet ditt” handlar om sorg og kjærleik. Tirill har mysta ein ho elskar i ei bilulykke og vi får sjå korleis ho taklar det og korleis ho kjem seg igjennom sorga. Boka tek opp tema som einsomheit, dårleg samvittigheit og kjensla av at aller imot deg.

Dette var ei spennande bok som hadde lett språk noko som gjor at det blei lettare å lese. Forfattaren var god på å få fram og skildre følelsane til Tirill. Det gjorde boka betre og vi fekk eit syn av korleis dei forskjellige karakterane såg ut, og eg klarte derfor å leve meg inn i handlinga. Inn i mellom blei boka kjedeleg og vanskeleg å lese, fordi det blei for mykje informasjon på ein gong. Samtidig gjorde dette at eg hadde lyst til å lese vidare for å sjå korleis boka utvikla seg. Bok slutta ganske brått, og eg skulle gjerne ha visst kva som skjedde vidare.

Totalt vil eg tilrå denne boka til alle ungdommar, og eg gir den terningkast 4.


Mina

På leit etter hjartet ditt

Skrevet av 15. september 2022 av Mina på Lom ungdomsskule

På leit etter hjartet ditt er ein ungdomsroman om sorg, men og om val ein tek som ung. Kven ein er og kven ein kan bli kome til å bli. Boka handlar om Tirill og korleis ho taklar saknet etter han ho aldri fekk. Saknet gjer Tirill heilt besett, og alt handlar om å finne ut korleis ho kan gje slepp.

Boka skildrar godt korleis ein kan føle seg etter å ha mista nokon ein var glad i. Boka får fram skyldfølelsen, saknet og følelsen av at alle hatar deg.

Eg tykte at boka var bra skreve, spennande og den fekk fram mange følelsar i meg. Eg gjev boka terningkast 5.

Til toppen