Offer

Per Jan Ingebrigtsen Publica Bok 2014 11 anmeldelser

Fatima, ei 18 år gammal norsk-somalisk kvinne, vert borte frå Stord vidaregåande skule, der ho er elev. Mykje tyder på at det er familien hennar som står bak forsvinninga, og at ho skal sendast til Holland for å giftast bort Vis hele forlagsteksten

Hvordan skrive en anmeldelse?

Andrine

Andrine

Skrevet av 9. oktober 2014 av Andrine på Lom ungdomsskole

Forsvinniga
Offer var ei spennande og litt vanskeleg bok å lesa. Det var mykje handling, men ikkje så godt skildra. Det er parallellhandling slik at den kan være vanskeleg å lesa.
Det er ein spaningsroman. Fatima blir bortført. Ingen veit kor ho er bestevenninna hennar leiter, dei kontakter politi. Det kjem stadig bilder i avisa som nokon har teke av henne rett før ho blir bortført. Boka starta i handlinga og kan vere tung å lese da det ikke blir beskrive detaljer så godt. Boka er spennande, men ein må ha tolmodigheit for å lesa ho. Boka var ikkje vanskeleg å legge frå seg. Det var nokre stader ho var veldig spennende, men så blei tung å lesa igjen. Mykje er troverdig, det kunne godt skjedd på ekte. Boka var ikkje lett å lese fordi ho hadde så mange parallellhandlingar og dei bytte på roller veldig fort, altså det var korte kapittel som trengte meir utfyllande ord og setningar. Den har nokre viktige bodskap feks. rasisme. Det er nokre ord og utrykk som er grove i forhold til rasisme og kvinner. Det var ein overraskande slutt med mykje handling i eit kort tidsrom. Eg anbefaler ho frå 13 og oppover. Vanskeleg, men spennande bok. Eg tykkjer denne boka blir litt for vanskeleg å lesa til å bli nominert til Uprisen.

Til toppen