Helt ute

Maria Sand Aschehoug 2020 7 anmeldelser

Det er 1995, det er høst, men det er varmt. Kristina føler at dagene bare går uten at noe skjer. Så dukker Mikkel opp. Han sier at hun er finere enn de andre jentene. Kristina tenker at det kanskje er Vis hele forlagsteksten

Hvordan skrive en anmeldelse

Subiedsa

Er Kristina ei hore?

Skrevet av 21. oktober 2020 av Subiedsa på Bremnes ungdomsskole, 9A

Heilt ute, laga av Maria Sand er boka eg las. Boka var meir interesserande i midten av boka og vidare. Den var ganske vanskeleg for meg å skjønne meg på fordi det skjedde så mykje på ein gong og eg følte det var ganske kaos eigentleg. Boka kan vere litt vanskeleg å forstå fordi Kristina (hovudpersonen) er så forvirra gjennom heile boka at det gjorde det vanskeleg å forstå seg på ho. Det blei tatt opp emnar som at ho blei voldtatt av guten ho likte , men dei blei kje tatt opp som noko viktig, berre som noko ho tenkte på nokre få gongar. Då det ein dag står KRISTINA ER EN HORE på jentedoen så føler ho at ho mister seg sjølv.

Det var delar i boka som eg blei veldig interessert i og levde meg inn i, og eg følte 100% at delar av denne boka kan vere realistisk. Å vere 16 å drive med røyking, alkohol, voldtekt. Sånt skjer også i det verkelege livet. Banne-ord blei også brukt litt i boka.

Om du føler du relaterer til boka så kan det vere litt godt å lese boka. Boka kan vere litt sensitiv om du vanlegvis kan føle deg treffen av forskjellige tema i boka som kan vere litt vanskeleg å snakke om. Boka er jo eigentleg spennande når du først er komme deg godt i gang med boka. Sjangeren er kjærleik og eg anbefaler definitivt boka for ungdommar frå alderen 14 – 18.

Konklusjon: Eg ville ha sagt at denne boka ikkje burde bli kåra av Uprisen som ein av de beste ungdomsbøkene.


Martine Meling

Ein uventa oppleving

Skrevet av 19. oktober 2020 av Martine Meling på Bremnes ungdomsskole, 9E

Boka er skriven av Maria Sand.
«Helt ute» er ein roman om drama. Det handlar om ei jente som heiter Kristina. Kristina går på ungdomskulen, ho er ein heilt vanlig tennåring. Ein dag når Mikkel dukkar opp, kjenner ho at ho har lyst å vere med han heile tida. Kristina får meir sjølvtillit av å vere med han. Mikkel får Kristina inn i trøbbel. Ho blir tatt av politiet og bruker rus når ho er mindreåring.
Eg synest boka var kjekk, men kunne vere litt vanskeleg å få med seg kva som skjedde fordi det gjekk veldig fort fram. Boka var interessant fordi eg klarte å sjå for meg korleis de forskjellige plassane såg ut og klarte å henge litt med. Eg synest boka var mest spennande i midten i boka, når ho blei tatt av politiet. Boka passa ikkje heilt til meg men eg koste meg mens eg las. Men alt i alt var det ei spannande bok. Boka passar for 13-16 år føler eg. Eg kan anbefale boka til både jenter og gutar som liker drama. Eg ville gitt boka eit treningskast 3.


Johanne Mæland

Spennande bok!

Skrevet av 14. oktober 2020 av Johanne Mæland på Bremnes ungdomsskole, 9E

Denne boka er ein ungdomsroman. Boka handlar om noko som skjer med ei jenta som heiter Kristina der ho mistar vener og føler seg heilt tom. På grunn av denne hendinga så følar ho at ho ikkje er vert noko. Ho er òg i eit veldig dårleg miljø, med mykje røyking og festing med alkohol.
Eg syntes boka var veldig god. Eg trur det er ein del jenter, og gutar, som kjennar seg litt igjen i det same som skjer med ho. Boka var spennande mesteparten av tida men var vanskeleg å skjønne heilt kva som skjedde til tider. Denne boka vil eg anbefale til ungdommar mellom 13 og 16/17 år, då eg trur det vil vere vanskeleg å forstå for yngre barn. Eg vil gi denne boka terningkast 5.


Channel Enumerable

Helt Ute

Skrevet av 14. oktober 2020 av Channel Enumerable på Bremnes ungdomsskole, 9E

Helt ute

Tittel: Helt ute

Forfattar: Maria Sand

Forlag: Aschehoug

Utgitt: 2020

Mengde sider: 216

Denne boka er om ei jente som hetter Kristina, ho synst livet hennas går veldig fort utan at det skjer noko. Men det forandrar seg etter at ho møtte Mikkel. Mikkel sa til hu at ho var finare enn alle dei andre jentene i klassen. Ho begynte å tru at det var sant, heil til ho såg at det sto KRISTINA ER EIN HORE på jentedoen. Da er ho ikkje Kristina lenger, da er ho Kris.

Kva syns du om boka?

-Eg synst at boka var heit ok.

Var boka noko for deg?

-Nei, eg synst boka ikkje var noko for meg. Men eg anbefaler folk som liker å lese drama kan lese denne.

Kven passar boka mest til?

-Eg synst boka passar best til alderen 11-16, fordi da skjønner dei meir drama.

Korleis opplevde du boka?

-Eg opplevde spennande tider men nokon gangar var det vanskelege å forstå. Den var heilt ok, men denne boka var ikkje noko for meg.

Terningkast: 3


Nora Helene Merli-Moen

Helt ute

Skrevet av 13. oktober 2020 av Nora Helene Merli-Moen på Åmot skole

Helt ute

Tittel: Helt Ute

Forfatter: Maria Sand

Forlag: Aschehoug

Sider: 216

Boka helt ute er en tenåringsroman som handler om Kristina, eller Kris som hun kaller seg. Hun går på ungdomskolen og der møter hun en gutt som heter Mikkel, hun blir fort veldig glad i Mikkel og vil være med han hele tiden. Men Mikkel skaper en del trøbbel for Kris, Hun havner hos politiet og bytter skole. Etter at Kris har begynt på en ny skole få hun seg en kjæreste som heter Alex og de henger sammen nesten hver dag. Helt til en dag så kommer han ikke tilbake lenger. Mikkel kommer på døra til Kris og sier “Alex er død.” noen dager senere får hun en melding av ett ukjent nummer som skriver, “Trist det som skjedde med Mikkel.” skrev personen, hun søkte opp nummeret på gule sider, Alexander Grønnvoll. Alex var ikke død, han hadde bare flyttet til Vestlandet.

Er boka lett å lese?

Boka er helt grei å lese, for det er ikke alltid man skjønner hva som skjer.

Hvem passer boka best for?

Boka passer best for litt eldre barn, 12-16 er alderen som boka passer best for.

Hvordan var leseropplevelsen?

Min leseropplevelse var at boka var spennende til tider, mens noen ganger var det litt vanskelig å forstå. Det er en helt grei bok og jeg kan anbefale boka til noen som liker litt ungdomsdrama.

Terningkast: 3

Vis flere anmeldelser

[x] Lukk vindu
Olav Vatland

"Helt Ute" Bokandmeldelse

Skrevet av 29. september 2020 av Olav Vatland på Tryggheim skole

Tittel: Helt ute
Forfattar: Maria Sand
Forlag: Aschehaug
Utgjevingsår: 2020
Tal på sider: 216
Sjanger: Drama

«Helt Ute» er ein roman om ei tenåringsjente ved namnet «Kristina», og er skrevet av forfattar Maria Sand. Boka er spesielt om vanskane som Kristina møter både på skulen og i fritida, og spenninga i boka startar fyrst då ho blir kjent med den nye guten «Mikkel».

I starten av «Helt Ute», blir Kristina raskt introdusert. Forfattaren startar med å skildre veldig mykje, som ho også gjer utover heile boka. Eg hadde vanskar med å kome heilt inn i boka, altså å forstå heilt kva som eigentleg skjedde, både fordi eg synst at den starta på ein uvant måte og fordi eg aldri klarte å relatere til hovudpersonen. Boka følgjer nesten alltid ein «rød tråd» der Kristina nesten aldri er sikker på kven ho er, som også gjer det nesten umogleg for meg å kunne finne ange likskapar mellom meg og Kristina. «Helt Ute» startar relativt roleg, men ettersom me kjem nærare spenningskurva og vendepunktet, kjem det mange overraskingar. Ein av dei merkelegaste overraskingane i boka (synst eg) var då Kristina kjem inn på skuletoalettet og det står skrive: «Kristina er ei hore», på spegelen. Utanom dei mange uventa handlingane, var boka eigentleg veldig forseieleg. Eg kunne veldig lett gjette meg til ca. korleis boka fortsette etter å berre ha lest 40-50 sider. Slutten var også relativt lett å gjette seg til, viss man legg merke til korleis Kristina og dei andre bi-personane oppføra seg tidlegare i boka. For meg personleg, var det veldig vanskeleg å leva meg inn i sjølve handlinga i forteljinga. Handlinga til Kristina, Mikkel, og dei andre viktige folka i boka er så langt du kjem ifrå mine eigne handlingar og tankar. Det gjorde at det var veldig vanskeleg for meg å leve meg inn i forteljinga, men også å kunne relatere til karakterane i boka, som eg synast er noko av det viktigaste som skal til for at ein skal kunne like ei bok.

Eg synst «Helt Ute» var veldig lett å lese. Når eg sjølv er vant med å lese bøker som «Ringenes Herre» og andre tungleste Fantasy bøker, er bøker som desse veldig lettlesne. Sjølv om boka består av 216 sider, vil det ikkje ta særleg lang tid å lese den ferdig. Dette er for det meste på grunn av at boka sjølv er lettlese, og fordi sidene består av langt færre ord enn for eks. «Ringenes Herre» Det var god variasjon mellom korte og lange setningar, og Maria skildra miljøet og spesielt Kristina veldig bra. Setningane var derfor på ingen måte livlause. Noko som eg ikkje hadde forventa då eg starta å lese boka, var kor mykje banning det var i teksten. Sjølv om ordspråket passar til kva for nokre personar som er i boka, synst eg ikkje det var kjekt å lese alle skjellsorda. Alt i alt synast eg språkbruket passar til handlinga, sjølv om eg ikkje er glad i å lesa alt.

Eg trur sjølve temaet i boka er det å ha sjølvtillit. Mange stadar i boka har Kristina vanskar som ho ikkje klarar å kome seg ut av, nettopp av den grunn at ho ikkje har tillit til seg sjølv og dermed berre drit ho i alt ho ikkje får til. Det er eit utroleg viktig tema, ikkje berre fordi det hjelpar unge (spesielt jenter) til å kunne tru på seg sjølv, men det hjelpar også vaksne til å forstå korleis dei kanskje har det. Av meg og mine venar, er det ingen som kan relatere særleg mykje til handlinga i boka, men eg har lest og høyrt på nettet at mange unge jenter har det slik som Kristina. Det er eigentleg veldig interessant å lese om Kristina i denne boka. Det hjelper meg til å forstå meg på slike ungdommar, ettersom eg vanlegvis ikkje kan det. Nokre ting som irriterte meg hadde å gjere med alle skjellsorda, skildring av nokre personar og det med å relatere seg til hovudpersonen. Når det kjem til skjellsorda, har eg eigentleg allereie uttrykt meininga mi, men for å repetere, likar eg ikkje når bannord er blanda inn i tekstar. Uansett kor passande dei er. Eg synst Mikkel kunne vore mykje betre skildra enn han var. Ut ifrå ei bok på over 200 sider, fekk eg nesten ikkje noko informasjon om Mikkel sin bakgrunn/historie. Det kan godt vere at dette var Forfattarens hensikt med boka, altså at me skulle på ein måte dikte det opp sjølve, men eg synst det kunne vore gjort betre. Som sagt klarte eg aldri å kjenne meg sjølv igjen i Kristina eller dei andre personane i romanen. Dette gjer at det er vanskeleg for meg å leve meg skikkeleg inn i boka, som eg synast er det viktigaste som gjer at nokon kan like ei bok (eller ein film). I for eks. «Ringenes Herre» finst det så mange karakterar og dei er så forskjellige, at det er vanskeleg å ikkje kunne kjenne deg sjølv igjen i nokon av dei.
Eg synst ikkje «Helt Ute» er ei bok som eg vil anbefale til andre bokormar som interesserer seg spesielt i Fantasy sjangeren. Boka er derimot veldig god for folk (spesielt jenter) som har vanskar med å stole på seg sjølv, og som dermed gjer det dårleg på skulen eller andre plassar.

Eg gjer denne boka eit terningkast 3.

Til toppen