Engel i snøen

Anders Totland Gyldendal 2016 115 anmeldelser

Det er vinter, og det snør, men ikkje alle er ute og leikar i snøen. Nokon orkar berre å stå ved vindauget og sjå ut på snøkrystalla. Nokon vil ikkje at pappa skal vite at ein har vondt, sjølv om Vis hele forlagsteksten

Les utdrag på txt.no

Hvordan skrive en anmeldelse

Konrad Wieclaw

Konrad Wieclaw

Skrevet av 23. august 2019 av Konrad Wieclaw på Luster ungdomsskule

Snøkrystallar utanfor vindauget

Ei trist, vakker og opplysande bok om nye og gamle venner. Alle er på sjukehuset. Me veit ikkje om eg-personen er ein gut eller ei jente. Me veit heller ikkje kva slags sjukdom eg-personen har, men hovudkarakteren kan ikkje gå ut. Nokon av vennene på sjukehuset dør og nokon får reisa heim.

Ei bok om einsomheit. Om sjukdom, død. Boka inneheld korte kapitla og setningar. Språket er enkelt og boka er kort.

Eg gir boka terningkast 3 fordi det er ikkje min type bok.


Ådne

Ådne

Skrevet av 23. august 2019 av Ådne på Luster ungdomsskule

Barn på sjukehus.

Boka engel i snø er ein ungdomsroman, og personane i teksten er eg-personen, Jonas, Silje og pappaen til eg-personen.
 
 
Boka handlar om ein eg-person som er på sjukehus. Eg-personen har ein venn som heiter Jonas. Ein dag såg ikkje eg-personen Jonas på ein heil dag, og det var fordi bestefaren til Jonas nettopp var død og Jonas likte ikkje å snakke om død. Etter dette vart Jonas ganske sjuk. Eg-personen hadde og ein venn som heite Silje som lærte eg-personen å spele piano. Silje vart etter kvart sjukare, so han måtte spela aleine og han tok me pianoet inn på rommet til Silje
 
Boka var heilt grei, men eg likte ikkje at dei bytta kapittel heile tida, for plutseleg las eg om noko og so plutseleg las eg noko anna og so las eg da første igjen, og boka var ikkje so spennande.

Terningskast: 3


Are Gauteplass Lie

Are Gauteplass Lie

Skrevet av 23. august 2019 av Are Gauteplass Lie på Luster ungdomsskule

Min meining om "Engel i snøen"
"Engel i snøen" er ei bok som handlar om ein person som bur på eit sjukehus med faren sin, fordi ho/han er sjuk. På sjukehuset får ho/han nye venner som også er sjuke, vennene som ho får på sjukehuset er Jonas, Silje og Leander. Jonas blir frisk igjen og han får reiser heim igjen, då blir eg- personen igjen åleine. Hovudpersonane i boka er ein eg- person, Pappa (faren til eg- personen), Jonas og Mamma ( mor til Jonas).

Boka startar rett i ei handling, og det er ingen overraskingar i denne boka, for handlinga blir som venta. "Engel i snøen " sluttar eigentleg brått og veldig uventa, det er ei veldig lett bok å lese. Det er korte setningar, og det er mykje replikkar.

Boka "Engel i snøen" er skriven av forfattar Anders Totland, Anders er ein norsk forfattar, journalist og kokk. Han debuterte med boka "Vampyrane i eplehagen" i 2015. Det boka handlar om er sjuke barn, og eg trur han har valt å skrive om dette slik at andre folk kan innsjå korleis det er å vere eit sjukt barn, og korleis foreldre har det. Det som var litt dårleg med boka var at midt i ein handling så kunne handlinga stoppe og så kom det eit nytt kapittel. Eg syntes boka er lite morosam fordi det ikkje skjer noko spennande i boka, det som gjer at boka er bra er at den er lett å lese, og det er ikkje vanskeleg å få med seg handlinga.
Terningkast: 2


Kristian Teigen

Kristian Teigen

Skrevet av 23. august 2019 av Kristian Teigen på Luster ungdomsskule

Lett å lese
"Engle i snøen" er ei bok som handlar om kvardagen på sjukehuset. Det er få personar i bok. Det er eg-personen, Jonas, Silje, Leander, pappa, mor til Jonas og Idun. Silje og eg-personen pleier å ha det fint med å spele piano heilt til dagen som snur alt. Ein dag er ikkje Jonas der lenger heller.
Eg synest boka starta ganske rett i handlinga, men fortsatt litt treigt. Det blir som forventa frå begynninga, og eg synest ikkje boka hadde så spesiell slutt. Boka var ikkje spesielt spennande, og eg levde meg ikkje inn i boka.
Sjølv om boka kanskje er ei av dei mest uinteressante eg har lest, synest eg boka er skriven på ein god måte. Ikkje så mange sider og ikkje så mykje skrift på sidene, så det er eit pluss. Boka får ein 1 av meg.


Håvard Sie

Håvard Sie

Skrevet av 23. august 2019 av Håvard Sie på Velg skole

Les dette😮😮
Boka er skrive av Anders Totland og er ein kort ungdomsroman. Boka handlar om ein person som er på sjukehus. Han/ho er sosial og har fleire vennar på sjukehuset, men mange av dei er skikkeleg sjuke.

Boka er kort og lettlesen med 24 kapittel. Når du les må du tenke masse og det er ingen fasit på kva som skjer i boka, du må berre førestille deg alt. Det verkar faktisk som om du lever deg godt inn i boka, men eg hadde likevel ikkje problem med å leggja den i frå meg.

Boka handlar eigentleg om døden og er ei bok eg vil anbefale viss du ikkje har lyst til å lesa så mykje.
Terningskast:4

Håvard

Vis flere anmeldelser

Til toppen