Engel i snøen

Anders Totland Gyldendal 2016 112 anmeldelser

Det er vinter, og det snør, men ikkje alle er ute og leikar i snøen. Nokon orkar berre å stå ved vindauget og sjå ut på snøkrystalla. Nokon vil ikkje at pappa skal vite at ein har vondt, sjølv om Vis hele forlagsteksten

Les utdrag på txt.no

Hvordan skrive en anmeldelse?

Malene

Malene

Skrevet av 23. august 2019 av Malene på Luster ungdomsskule

Den triste verkelegheita

Boka er av den typen som får meg til å fortsette å lese og lese. Og den får meg til å tenkje. Den er skriven slik at eg får meir lyst til å vite kva som skjer. I tillegg er boka lett å lese. Den er kort skriven, men har likevel så mykje viktig i seg.

Boka handlar om ein person som er sjuk. Ein skjønnar at denne personen er veldig sjuk. Eg trur det er kreft. Handlinga skjer på sjukehuset. Der har eg-personen nokon venner. Og ute er det fleire som leikar i snøen, mens eg-personen må vere inne.

Eg opplever boka som trist, men at det triste er skrive litt annleis. At ein sjølv må bruke tankar og opplevingar for å forstå handlinga. Boka hadde ein slutt som fekk meg til å tenkje på kva som skjedde, og lure på kva som skjedde etterpå. Noko av det som er med på å gjere boka trist er at ein veit at det er ekte. At handlinga i boka er slikt som skjer i verkelegheita.


Elisabeth

Elisabeth

Skrevet av 23. august 2019 av Elisabeth på Luster Ungdomsskule

Here comes the sun!

Boka Engel i snøen er ein roman, den er ikkje så lang og er veldig grei å lese. Boka har livet og sjukdom som tema. Det er korte og greie kapittel. Boka er skrevet in medias res, så ein kjem rett inn i handlinga i boka. Men det er ein litt treg start før ein kjem inn i sjølve handlinga. Engel i snøen handlar om eg-personen som er på sjukehuset. Her møter han/ho nokon personar, som han/ho blir glad i å vere med. Han/ho lærer å spele piano av ei jente på sjukehuset, og kvar gong dei spelar blir det heilt stilt rundt dei.

Engel i snøen får deg til å tenke på kva som eigentleg skjer rundt deg, korleis det er for dei pårørande når nokon er veldig sjuke og kjempar for livet. Men det er ikkje den boka, eg hadde valt å lese sjølv. Men eg trur at det er bra for alle å lese noko slikt ein gong i blant. Boka skapar mange tankar rundt temaet død og sjukdom. Forfattaren har vore flink til å skildre personane (ikkje om korleis dei ser ut men oppfører seg), så det er lett å lage seg opp ein person i hovudet. Men sidan me ikkje veit om det er jente eller gut må ein berre tenke seg kva som ein synast passar best i historia.

Eg føle at boka passar godt inn i dagens samfunn, fordi at den har eit aktuelt tema. Engel i snøen er ei god bok, den får deg til å sjå situasjonar med nye auger. Det er ei veldig truverdig bok, som kan vere aktuell for mange.

Språket forfattaren har brukt går veldig i eitt med handlinga. Boka har ein veldig open slutt, så ein må tenke seg sjølv kva som skjer vidare. Eg skjønnar kvifor forfattaren valde å skrive boka.

Eg synest at det var ei heilt grei bok, men eg synest det skjedde for lite i den.
Terningkast: 3


Konrad Wieclaw

Konrad Wieclaw

Skrevet av 23. august 2019 av Konrad Wieclaw på Luster ungdomsskule

Snøkrystallar utanfor vindauget

Ei trist, vakker og opplysande bok om nye og gamle venner. Alle er på sjukehuset. Me veit ikkje om eg-personen er ein gut eller ei jente. Me veit heller ikkje kva slags sjukdom eg-personen har, men hovudkarakteren kan ikkje gå ut. Nokon av vennene på sjukehuset dør og nokon får reisa heim.

Ei bok om einsomheit. Om sjukdom, død. Boka inneheld korte kapitla og setningar. Språket er enkelt og boka er kort.

Eg gir boka terningkast 3 fordi det er ikkje min type bok.


Ådne

Ådne

Skrevet av 23. august 2019 av Ådne på Luster ungdomsskule

Barn på sjukehus.

Boka engel i snø er ein ungdomsroman, og personane i teksten er eg-personen, Jonas, Silje og pappaen til eg-personen.
 
 
Boka handlar om ein eg-person som er på sjukehus. Eg-personen har ein venn som heiter Jonas. Ein dag såg ikkje eg-personen Jonas på ein heil dag, og det var fordi bestefaren til Jonas nettopp var død og Jonas likte ikkje å snakke om død. Etter dette vart Jonas ganske sjuk. Eg-personen hadde og ein venn som heite Silje som lærte eg-personen å spele piano. Silje vart etter kvart sjukare, so han måtte spela aleine og han tok me pianoet inn på rommet til Silje
 
Boka var heilt grei, men eg likte ikkje at dei bytta kapittel heile tida, for plutseleg las eg om noko og so plutseleg las eg noko anna og so las eg da første igjen, og boka var ikkje so spennande.

Terningskast: 3


Are Gauteplass Lie

Are Gauteplass Lie

Skrevet av 23. august 2019 av Are Gauteplass Lie på Luster ungdomsskule

Min meining om "Engel i snøen"
"Engel i snøen" er ei bok som handlar om ein person som bur på eit sjukehus med faren sin, fordi ho/han er sjuk. På sjukehuset får ho/han nye venner som også er sjuke, vennene som ho får på sjukehuset er Jonas, Silje og Leander. Jonas blir frisk igjen og han får reiser heim igjen, då blir eg- personen igjen åleine. Hovudpersonane i boka er ein eg- person, Pappa (faren til eg- personen), Jonas og Mamma ( mor til Jonas).

Boka startar rett i ei handling, og det er ingen overraskingar i denne boka, for handlinga blir som venta. "Engel i snøen " sluttar eigentleg brått og veldig uventa, det er ei veldig lett bok å lese. Det er korte setningar, og det er mykje replikkar.

Boka "Engel i snøen" er skriven av forfattar Anders Totland, Anders er ein norsk forfattar, journalist og kokk. Han debuterte med boka "Vampyrane i eplehagen" i 2015. Det boka handlar om er sjuke barn, og eg trur han har valt å skrive om dette slik at andre folk kan innsjå korleis det er å vere eit sjukt barn, og korleis foreldre har det. Det som var litt dårleg med boka var at midt i ein handling så kunne handlinga stoppe og så kom det eit nytt kapittel. Eg syntes boka er lite morosam fordi det ikkje skjer noko spennande i boka, det som gjer at boka er bra er at den er lett å lese, og det er ikkje vanskeleg å få med seg handlinga.
Terningkast: 2

Vis flere anmeldelser

Til toppen