Elastico

Luis Antonio Guaragna, Michael Stilson Ena Illustratør: Luis Antonio Guaragna 2020 2 anmeldelser

Ibra drømmer både om en plass på det norske juniorlandslaget og å vinne hjertet til den søteste jenta i klassen. Men han har en rival på begge fronter. Ibra kjemper innbitt for å nå sine mål, med og uten ball, Vis hele forlagsteksten

Hvordan skrive en anmeldelse

Andreas Eidesvik

Elastico - Når du må tape alt for å vinne

Skrevet av 28. oktober 2020 av Andreas Eidesvik på Bremnes ungdomsskole, 9E

Sjanger: Teikneserie som handlar om kjærleik, fotball og drama.

Elastico er ei bok som handlar om sjalusi og intern konkurranse. Hovudpersonen er Ibrahim som har ein draum om å kome på landslaget. Han hadde mange vener, og så scora han vinnarmålet på Norway Cup. Då vart bestekompisen hans Oscar sjalu, og han ville ikkje vere med Ibrahim lenger. På trening, veka etter at Norway Cup var ferdig, vert Ibrahim takla av Oscar. Då seier Oscar at Ibrahim er så svak, og at han ikkje har sjans å kome seg inn på landslaget. Då vert Ibrahim sur og motivert. Han skal begynne å trene styrke kvar dag.

Det einaste målet hans er å kome seg inn på landslaget. Han er så fokusert på å trene at han gløymer å være med venen sin, Albert. Det får konsekvensar, og Albert vil ikkje vere med han lenger. Heldigvis kjem det ei ny jente på skulen hans, og han blir venn med ho. Kvart friminutt trenar dei fotball for å nå målet sitt; Å kome på landslaget. Då landslagsuttaket kom ut, var ikkje Ibrahim tatt ut. Han vart så skuffa. Då Hedda (jenta) kom med på jentelandslaget sa Ibrahim noko dumt. Han sa at det ikkje var så stort, og at dersom du er jente og trenar litt kjem du med. Då vart Hedda sur og ho ville ikkje være med Ibrahim lenger. Det verste for Ibrahim var at den tidlegare bestekompisen hans Oscar kom med. Ibrahim gjekk frå å ha mange vener, til å ha ingen vener. Han forstår at han må ta grep, så han går heim til Albert, med ein kebab i handa. Han håper at Albert tilgjev han. Heldigvis for Ibrahim ville Albert være ven med han.

Det skal være ein skule cup, og Ibrahim har lyst til å spele på lag med Albert. Det er to mot to, og Albert og Ibrahim melder seg på i siste liten. Dei knusar seg igjennom gruppespelet og går vidare til kvartfinalen. Der møter dei ikkje så sterk motstand og tar seg med det vidare til semifinalen. I semifinalen møter dei god motstand og kampen er jamn heile tida. Heldigvis klarar Ibrahim og Albert å ta seg vidare til finalen. Der ventar tøff motstand. To landslagsspelarar. Ja, det var faktisk Oscar og Hedda mot Ibrahim og Albert i finalen. No fekk Ibrahim sin moglegheit til å vise seg fram og ta revansje.

Boka er skriven av Michael Stilson, som har skrive boka “Alene gjennom” som også er nominert i år. Eg synes boka var litt urealistisk, med tanke på at Norway cup helten mista venene sine etter det. Eg trur at han ville ha vore helt på ekte. Sett vekk i frå at boka var urealistisk, så var han spennande, og eg likte boka sånn passe. Det som eg likte med boka var at han var vanskeleg å spå kva som skulle skje, noko som gjer at boka var spennande. Eg vil anbefale boka til dei som liker lettlesne bøker og som er interessert i fotball Eg vil seie at boka passar for aldersgruppa 6-14 år. Boka var veldig lettlese. Eg gir boka eit terningkast 4

TERNINGKAST 4


Ayman Adan Ibrahim

Elastico

Skrevet av 21. oktober 2020 av Ayman Adan Ibrahim på Seljestad ungdomsskole

Sjanger: Tegneseriebok om kjærlighet, idrett og krangling

Jeg synes boken var spennende og morsom og lese. Den var lettlest, og innholdet interesserte meg veldig mye til å lese den på nytt.
Boken handler om Ibrahim som spiller fotball. Den handler også om Hedda som ønsker å komme på landslaget. Hun er snill og elsker fotball. Hedda går i en Ronaldo-skjorte og er venn med Ibrahim. Den tredje personen er Oskar. Han er ikke som Hedda og Ibrahim, da han er mer egoistisk på banen og ikke så hyggelig.

Terningkast: 5

Til toppen