Den andre søstera

Laura Djupvik Samlaget 2018 17 anmeldelser

Selma og familien arvar eit gammalt hus. Men Selma tør ikkje vere der åleine. Ho høyrer merkelege lydar og uforklarlege ting skjer. I treet i hagen kjenner Selma seg trygg. Ein dag kjem ei jente, Anna, opp frå dalen. Ho Vis hele forlagsteksten

Hvordan skrive en anmeldelse?

Håkon Telstad Sollid

Håkon Telstad Sollid

Skrevet av 5. desember 2018 av Håkon Telstad Sollid på Surnadal ungdomsskole

Skritt på loftet og dører som smeller!

( Av: Laura Djupvik)

DEN ANDRE SØSTERA er en bok som handler om en jente som heter Selma, som bor i Oslo med mamma og ida. En dag flytter Selma og familien til barndomshjemmet til moren, Selma har evnen til å se ting andre ikke ser, men hun tror det ikke fult selv. Og til og med da Selma først så huset når di kom frem, så hun en skapning eller en presjon i vinduet som gikk forbi vinduet. Selma ser et epletre i hagen fra vinduet og går ned på verandaen og ut på plenen for å se på det, hun klatrer opp og finner ut at dette er en bra plass for å gjemme seg hvis det skjer noe skummelt. det hun ikke vet er at hun kommer til å sitte i det treet ofte fra nå av. En dag gjemmer Selma seg i treet fordi hun har hørt dører som smeller og skritt i trappa og på loftet, og mens hun gjemmer seg der kommer det en jente opp fra skråningen av huset og går rett igjennom brennesler uten å si: “au!”. Hun sier hun heter Anna. Anna viser seg for Selma bare når hun er hjemme alene, og Selma er hjemme alene hver dag. Og hver gang Ida eller mamma kommer hjem, forsvinner Anna alltid mystisk. Vet mamma noe om denne Anna?…

Sjanger: krim, grøss og gru.

Jeg syntes den andre søstera er en så bra bok at jeg tro dette er den typen bøker som får ungdommer til å lese. Det er den beste boka jeg har lest, og selv om den var ny-norsk var det lett å lese og forstå. Jeg klarte ikke stoppe å lese så jeg startet på side 1 og leste ut hele boken uten pauser, selv om det tok lang tid. Jeg har aldri lest en så bra og oppslukende bok som denne og håper den vinner U-prisen. Og gir den terningkast 6 siden jeg ikke fant noe som var galt med denne boken.


Marianne

Marianne

Skrevet av 28. november 2018 av Marianne på Surnadal ungdomsskole

Skjedde det litt for mykje av det same?
Boka den andre søstera er ei bok som kan få deg til å ikkje ville sove aleine om natta, sånn var det med meg etter eg las ho ferdig ved midnatt.
Denne boka handlar om ein familie med mamma, storesyster og Selma (hovudpersonen). Dei flytter frå Oslo til ein liten dal langt frå sentrum. Huset dei skal flytte til har mora tatt over etter foreldra hennar, huset har stått tomt i fleire år da det er mykje uforklarleg som hender der, men Selma er den einaste som merkar det. Selma møter ei jente som heiter Anna, men kven er eigentleg Anna?
Boka var fengande frå start til slutt, noko som gjorde at eg ikkje ville leggje den frå meg. Den var lett og lese da det berre var eit par avsnitt på kvar side. Boka hadde ofte spenningstoppar som gjorde at dei vart litt forutsigbare og ikkje så serleg overraskande. Eg vil og seie at det skjedde mykje av det same heilt fram til slutten, men det boka handla om, og det som skjedde var veldig spennande.
Opplevinga mi ved boka var for det meste positiv. Eg likte veldig godt det eg las og det blei aldri tungt å lese. Det var nokon plassar i boka som var så bra beskrive at det nesten blei skummelt å lese.
Eg gir boka Den andre systera terningkast 5 fordi:
Den var spennande frå start til slutt, plassane og følelsane vart så bra beskrivne at eg kunne sjå for meg alt. Den hadde ikkje ein brå slutt og eg datt aldri av når eg las. Det som trekkjer ned var at det skjedde mykje av det same, så det meste som skjedde var forutsigbart.
Eg vil anbefale denne boka om du likar grøss og gru.


Silje Duus

Silje Duus

Skrevet av 25. november 2018 av Silje Duus på Ruseløkka skole, 10A

Den andre søstera

“Den andre søstera” er ein lettlesen, grøsser bok skrive av Laura Djupvik. Boka er ein del av Samlagets “Grøss og gru” serie, kor alle bøkene er skrive på nynorsk.

Når Selma og familien hennar arvar eit gammalt hus bestemmer mora at dei skal flytte, men ting er ikkje heilt som dei skal i det nye huset. Selma høyrer og ser ting som ingen andre ser, og tør ikkje å vere heime i huset aleine. Ho går difor ut i treet i hagen, som er det einaste staden ho føler seg trygg, når ho er aleine. Men ein dag kjem det ei jente, Anna, opp frå dalen som ligg i botnen av hagen. Kven og kva vil ho? Og kvifor ser Selma ting ingen andre kan sjå?

Eg vil seia at starten på boka er skildrande, men ettersom boka berre er 113 sider kjem handlinga ganske raskt. Handlinga er temmeleg ordinær og uoriginal, men den overraskande slutten synest eg veg opp for den føreseieleg handlinga i boka. Avslutninga kjem ganske brått og uventa, og er veldig annleis frå det eg hadde sett for meg.

Boka er i aller høgaste grad ein lettlesen bok, og etter min meining minner den meir om ein barnebok enn ein ungdomsroman. Setningane i boka er veldig korte, og Djupvik brukar nesten ikkje leddsetningar. Denne enkle setningsoppbygginga og avsnittsinndelinga synest er blir for enkel til at boka blir interessant å lese. For meg, blei det meir som eg las berre for å lese, og greidde ikkje å leve meg ordentleg inn i handlinga.

Eg har eigentleg ikkje ein ordentleg formeining om boka er bra eller ikkje, ettersom dette er sjanger ikkje har lese så mykje av før, og difor ikkje har nokon andre bøker å samanlikne boka med. Men eg synest at starten på spenningskurven var bra, men at slutten kunne vore betre skildra. Eg trur at viss du likar å lese lettlesne bøker og trengjer ein introduksjon til nynorsk, så passar boka for deg. Eg synes ikkje boka bør verte nominert til u-prisen.

Terningkast: 3


Thea Maria

Thea Maria

Skrevet av 21. november 2018 av Thea Maria på Husnes ungdomsskole

Boka handler om Selma, mora og søstera. Dei har dårlig råd og flytter til eit gammalt hus dei arva. Det skjer merkelige ting når Selma er alene hjemme.

Boka var spennende og lett å lese. Eg syns det var gøy mens eg leste han, men nå som eg er ferdig og har hatt litt tid til å tenke, ser eg at denne boka ikkje ga meg noenting. Det eineste eg fikk ut av han i ettertid var litt spenning . Ei god bok kan få meg til å se verda på ein anna måte. Det klarte ikkje denne. Men når dette er sagt er det den beste uprisen-boka eg har lest til nå.

Eg gir boka terningkast 4.


Erling Svinvik

Erling Svinvik

Skrevet av 20. november 2018 av Erling Svinvik på Surnadal ungdomsskole

Den andre søstera.

Dette er ei skummel bok som handlar om ei jente som heiter Selma som flytter frå Oslo til langt ut på landet, ho bor med mor si og søstera si Ida. Dei arvar eit gamalt hus etter onkelen til mora, men med ein gong dei kjem fram så ser Selma nokon i vindauget. Til slutt finn ho ut kven det er. Mora har nokre hemmelegheiter som Selma og Ida ikkje veit om, men som og blir avslørt etter kvart.

Boka startar litt beskrivande på grunn av at du får høyre når dei først kjem fram og korleis huset og plassen i rundt ser ut. Spenningskurven synst eg kjem midt i boka, spesielt når Selma er heime aleine Den slutter overraskande, men det er bra fordi du får høre alt kva som eigentleg har skjedd.

Den andre søstera er ei realistisk bok, men sirka 20% er ikkje det, fordi det er mange spøkelse og unaturelge ting i boka sjølv om eg synest det er bra, fordi da blir det litt meir spennande. Boka var ganske lett og lese fordi den ikkje var så lang og den hadde utheva tekst.

Eg trur at denne boka prøver eigentleg å få fram at det kan være litt ekkelt og vere heime aleine eller så kan det berre hende at forfattaren prøver og få fram ei skummel historie. Det beste med boka var at spenningskurven var faktisk veldig spennande og det gjor den dobbelt så bra. Bokas svakhet var at eg synes at den flata litt ut på slutten, men uansett det tok ikkje så lang tid å lese den, så eg meiner at den som liker grøss og gru, bør lese den.

Eg gir denne terningkast 6, fordi den hadde spennande handling og eg fant ikkje noko så var så dårleg at eg kunne trekke frå eit poeng.

Vis flere anmeldelser

Til toppen