Bare spille ball

Michael Stilson Cappelen Damm 2018 39 anmeldelser

Fredrik står foran sitt livs viktigste kamp. Bare han herjer på kanten som vanlig, er proffdrømmen innen rekkevidde. Men de siste dagene før finalen forandrer alt seg. Bare spille ball handler om å elske fotball, men ikke å være forberedt på Vis hele forlagsteksten

Hvordan skrive en anmeldelse?

oleandreas2006

Ei bra bok men ikkje ein eg ville lese igjen

Skrevet av 30. mars 2020 av oleandreas2006 på Kruseløkka ungdomsskole

Boka handlar om Fredrik som har ein draum om å bli ein profesjonell fotballsparkar. Finalekampen kan avgjera eksakt dette, korleis karriera hans kjem til å bli, og det veit Fredrik. Difor skal han vise dei andre i finalen, kva han er god for. Men alt går ikkje som planlagd, dagen føre kampen får Fredrik ei forferdeleg melding. Han må spele ein annan posisjon, og nokon av dei andre på laget har teke hans plass. Korleis kjem dette til å gå?

Eg synest boka vart spennande og kunnskapsrik fordi Fredrik fortalde ein del om kva og korleis han trente for å bli betre på ting, det var også kult at han fortalde korleis han gjorde ting på trening når han spelte. Men ting som eg ikkje synest var så bra med boka, var det at forteljaren brukte ganske lang tid på å kome med spenningstoppar, å kome med det spennande i boka. Eg vil nok gi boka eit terningkast 4.


Zuzanna Julia Blaszczyk

Kjempebra bok

Skrevet av 18. mars 2020 av Zuzanna Julia Blaszczyk på Kruseløkka ungdomsskole

Boka «Bare spille ball» av Michael Stilson handlar om Fredrik Markussen som har ein draum om å bli fotballproff, men før han blir det møter han på mange utfordringar og problem. Det å berre spele ball blei til kontraktar og pengar.

Eg synest boka var veldig spennande og godt skriven. Boka passar til både dei som liker fotball og dei som ikkje liker det, så ho egnar seg for alle. Forfattaren får til å få deg inn i teksten, du ser alt for deg, men det som kunne ha blitt betre er at boka byrjar veldig treigt som gjorde at ho blei litt kjedeleg i starten, men etter kvart blei det veldig spennande. Boka er skriven slik at eg ikkje vil legge ho frå meg. Eg tilrår boka veldig. Eg gir ho eit terningkast 5.


Elsa Bugge Dahle

Ei god bok men ikkje for meg

Skrevet av 18. mars 2020 av Elsa Bugge Dahle på Kruseløkka Ungdomsskole

Boka handlar om Fredrik Markussen, ein 16 år gammal gut som ønsker å bli fotballproff. Mora jobbar heile tida og faren er nesten sprø. Den endelege finalen er nær og ingenting går som planlagt: han får ikkje spele posisjonen han har hatt heile sitt liv. Faren kontaktar han, mens mora er heilt imot det. Kva vil skje?
 
Eg synest at boka var veldig treig og kjedelig, men dette kan skuldast at eg ikkje er interessert i fotball eller kjærleik. Eg vil anbefale denne for folk mellom 13 og 17, som er interessert i fotball og som liker å lese litt håplaus kjærleik. For meg er boka så vidt verdt sjølv terningkast ein, men på grunnlag av at eg ikkje likar temaet vil det endelege terningkastet være: 4.


Bajrema Novalic

Ei bok som blir betre utover i handlinga

Skrevet av 18. mars 2020 av Bajrema Novalic på Kruseløkka ungdomsskole

Boka handlar om ein 16 år gammal gut som vil bli fotballproff, men rett før den store dagen så skjer det mykje. Det var mange som skulle komme og sjå på den kampen, for det var en stor kamp. Men rett før kampen får han vite at han skal spele ein annan posisjon, så korleis skal han vise at han er god?
Eg synest boka er spennande og eg liker korleis boka er skriven. Og eg synest forfattaren er veldig flink til få fram detaljar og små ting. For når du les så får du lyst til å lese meir og finne ut av kva som skjer vidare. Det eg ikkje likte var at i begynninga så er boka litt kjedeleg, men etter kvart, når du les videre i boka, så blir ho berre betre og betre. Eg synest boka passar for dei fleste og du må ikkje like fotball for å like boka, for boka i seg sjølv er veldig spennande, og eg gir ho terningkast 5.


Louise Mandji

Spennande, men eit tema som ikkje passar meg

Skrevet av 18. mars 2020 av Louise Mandji på Kruseløkka ungdomsskole

Denne boka handlar om Fredrik, ein 16 år gamal fotballspelar frå Trondheim. Fredrik sin største draum er å bli fotballproff og få masse pengar mens han gjer det han elskar. Fredrik må heilt uventa bytte posisjon rett før finalen. Dette skaper masse problem for Fredrik. Att på til har han utfordringar med den dømmande faren sin, ei jente han liker og val av fotballkontraktar.
Eg synest ikkje denne boka er noko for meg. Eg er ikkje så glad i fotball, men boka blir betre utover i handlinga. Ho blir meir spennande. Forfattaren er flink til å skrive slik ungdommen snakkar og slik dei kjenner seg i samfunnet i dag.

Vis flere anmeldelser

[x] Lukk vindu
Matias

Matias

Skrevet av 14. mars 2019 av Matias på bjørnsletta skole

Jeg synes boka var god. den var bra skrevet var veldig spennende meste parten av tiden. Men jeg syntes at den kunne gå litt sakte fram til tider. Jeg vil anbefale å lese denne boken hvis du er fotball interessert men du kan også like boken hvis du ikke er det.

Til toppen