Amuletten 1: Steinvokteren

Kazu Kibuishi Fontini Oversetter: Olav Bjørge 2016 8 anmeldelser

Faren til Emily dør i en dramatisk bilulykke, og resten av familien overlever bare så vidt. Etter noen år må Emily, moren og lillebroren Navin flytte inn i oldefarens hus på landet for å spare penger. Blant oldefarens merkelige oppfinnelser Vis hele forlagsteksten

Hvordan skrive en anmeldelse

Johannes

Johannes

Skrevet av 14. desember 2016 av Johannes på Sandnes skule

Bok: «Amuletten Steinvoktaren»
Forfattaren: Kazu Kibuishi
Sidetall: 185
Kategori: Fantasy
DENNE BOKE ER EIN TEGENESERIE
Eg personleg elske denne boka og eg skall gi grunnen snart for deke som har lyst til å lesa boke har eg lyst å gje deke eit innblikk i kva koka handle om.
Kva han handle om:
Boka handle mest om Emily og Navid. Men dei er 3 var 4 i denne familien du får vite kva som skjedde med faren vis du lese boke. Den familien på 3 bestemme at dei skulle ta da roleg og bu ute på landet. Dei vise at bestefaren sitt hus var tomt og dei kunne få da. Det er der Emily får amuletten sin og dei går ned til rike amedia.
Grunnen:
Grunnen til at eg like boka så veldig mykje er på grunn av historia. Eg vil lesa kar ein bok på denne planeten vis den har ein bra historie. Eg elske ein bok som har ein bra historie. Same vil skje vis eit spel har bra historie. Boke har ein bra oppbygning og kjem fram til poenget. Boke er veldig lettlest og dei fleste vill nokk forstå boke vis du gidd å lesa.
Eg vil amefala denne boke til dei fleste som liker å lese.
Terningkast: 6 Johannes Andvik


Sondre Nordland

Sondre Nordland

Skrevet av 25. november 2016 av Sondre Nordland på Sandnes skule

Tittel: «Amuletten, steinvokteren»
Sidetal: 187 sider
Sjanger: Spenning og drama
Forfatter: Kazu Kibuishi

Denne boka er den første i «Amuletten»-serien. Den er spennande og veldig dramatisk. Alt dette gjer at du blir berre dratt inn i boka og får veldig lyst til å lese vidare. Den er veldig lettlest og den er ein teikneserie som gjer at folk har lyst til lese denne boka.

Innhaldet er veldig variert og du klarer ikkje å «lese» denne boka så lett som du skulle tru. Det kjem alltid noko nytt og dette gjer den veldig spennande.

Det som skjer i boka er: Det begynner med ei jente som heiter Emily. Ho sit i bilen med mora og faren. Plutseleg møter dei ein bil på feil side av vegen og Emily, mora og faren kjører av vegen. Dei stopper ved ein skrent ved hjelp av eit tre. Mora og Emily kjem seg ut av bilen, men faren sit fast inni bilen. Han kjem seg ikkje ut. Plutseleg slepp treet bilen ligg inntil. Bilen fer ned i lag med treet samtidig som faren er inni bilen. Dette var berre begynnelsen. Viss du vil høyra meir om denne boka, bør du lese den.

Oppsummeringa til denne boka er at den er veldig spennande og du veit aldri kva som skjer. Den har litt lite tekst som trekker den litt ned etter mi meining, men viss du likar gode teikneseriar bør du lese denne.
Terningkast 5!


Stein Mikal Andvik

Stein Mikal Andvik

Skrevet av 22. november 2016 av Stein Mikal Andvik på Sandnes skule

AMULETTEN
Forfatter er Kazu Kibuishi SteinMikal Andvik
Sider: 187
Denne boka handlar om ei jente som heiter Emily som får sjå sin eigen far døy. Det er ganske trist for Emily, for ho er ikkje så gammal. Emily får ein lillebror litt seinare. To år seinare etter at Emily mista faren, flytter dei ut på landet. Dei flytter ut til oldefaren til Emily sitt hus. Oldefaren har forsvunde, men er mest sannsynleg død. Det skjer masse underleg i huset og Emily finn ein amulett i huset. Den amuletten er veldig spesiell, og Emily må passa godt på den.
Boka er gøy heile vegen. Det er masse spenning i boka, eg syns ikkje at boka var dårleg. Eg likte boka veldig godt. Eg levde meg veldig inn i boka, det er mogeleg å sjå for seg kva som skjer for det er jo tegneserie.
Det som ga meg lyst til å lese vidare i denne boka, var at heilt i begynnelsen var det ein lyd frå kjellaren som gjorde det spennande. Det som var i kjellaren var ein blekksprutliknande skapning som tok mora til Emily. Emily og broren går ned i kjellaren. Der ser dei at ein blekksprutskapning tar mora ned ei trapp. Emily og broren følger etter…….
Det som står på spill i boka er at Emily skal redda mora si som er blitt tatt av ein blekksprutskapning. Men for å få tak i mora er det mange farer på veien. Og at Emily må bestemma om ho skal bli herskar over Alledia dei har blitt dratt inn i eller gi amuletten til den onde og la han herska over Alledia.
Boka passer mest for dei som liker fantasy, det er masse overdrive i denne boka. Den passer og for dei som liker alle type bøker.
Språket i denne boka er skrevet sånn at alle forstår det.
Boka kan ikkje vera skadelig for lesarane, for det er ei barnebok.
Eg gir denne boka terningkast 6 pga, den var heilt fantastisk å lesa. 

Til toppen