Alene gjennom

Michael Stilson Cappelen Damm 2020 47 anmeldelser

Fredrik fra Bare spille ball (2018) er storspiller på Mjøndalen og rykter om større klubber og fete kontrakter svirrer. En dag dukker faren hans opp med et tilbud som vil gjøre Fredrik til mangemillionær. Men idet drømmen om å bli utenlandsproff går Vis hele forlagsteksten

Hvordan skrive en anmeldelse

David

David

Skrevet av 15. desember 2020 av David på Vollebekk skole

Boken alene gjennom handler om fredrik, han er 17 år og storspiller for den norske klubben Mjøndalen. Ryktene om en større klubb blir større og det ender opp med at faren hans fikser han en ny kontrakt for hertha berlin i tilegg til at han får en ny agent. Jeg gir boken terningskast 6 siden jeg likte boken veldig og den fenget meg.


Sigurd Sandvik

Alene gjennom

Skrevet av 15. desember 2020 av Sigurd Sandvik på Luster ungdomsskole

Fotball i Tyskland

Det handlar om at ein gut som heiter Fredrik og spelar på eit tysk fotballag. Ei jenta som heiter Ine kom til Tyskland for å vere der litt, men ho reiste til Noreg att for å gå på skule der. Mora hans kom til Tyskland for å sjekke om han hadde det bra.

Boka handla om at han måtte vere aleine gjennom ting og ta vanskelige valg.

Eg meiner at boka var bra fordi det handla om fotball og eg likar fotball. Det var veldig morosamt å høyre på boka og lytte til den. Det vart litt for masse banning tykte eg.

Eg ville anbefale boka for andre, spesielt dei som likar fotball og har ein draum om å bli fotballspelarar. Ein lerer korleis livet som fotballspelar kan vere

Eg gir boka terningkast 5.


ole Henning

Overgangen

Skrevet av 15. desember 2020 av ole Henning på Luster ungdomsskole

Overgangen

Bokmelding: Alene gjennom
Tittel: Alene gjennom
Forfattar: Michael Stilson
Utgivningsår: 2018
Sider:250

Alene gjennom er skrive av Michael Stilson og er ein etterfølger av Bare spille ball. Den handlar om ein gut som heiter Fredrik som spelar fotball for Mjøndalen i Obos- ligaen. Fredrik har ønska ein overgang til Rosenborg lenge. Han har iallfall lyst til å spele for ein større klubb enn Mjøndalen i komande sesong. Mjøndalen sin trenar har gitt klar beskjed om at ingen spelar er større en klubben, og at han ikkje lar gå. Men han ønsker seg tilbake til Trondheim der Line og mora hans er.

Eg synes boka starter brått og spennandes. Boka gjer det veldig bra på spenningstoppar. Og eg synest at boka er godt balansert på kjedelige plassar og morsomme plassar. Det eg meiner da er at det er ikkje ein plass i boka som er mykje kjekkare enn andre plassar, heile boka var bra. Det var lett å leve seg inn i boka fordi eg liker fotball og det er det boka handlar om. Boka var og lett å forstå og det var ikkje ord som eg ikkje forstod.


Lorentz W. Wiese

Ein fotballkarriere

Skrevet av 15. desember 2020 av Lorentz W. Wiese på Luster ungdomsskole

Boka handlar om ein gut som spelar i OBOS ligaen. Gutens namn er Fredrik Markussen. Hans store drøm er å spela i utlandet. Plutseleg får han eit tilbod frå faren om å spela for Hertha Berlin. Han finner seinare ut at det var ein dårleg deal. Han spelar første kampen, men han scora sjølvmål. Han blir degradert til rekruttlaget i eit halvt år.
Bokas handling er spennande og eg vil anbefale den til andre, sjølv om ein kanskje ikkje spelar eller liker fotball. Bokas sjanger er det eg vil sei, drama, på grunn av at boka tar mange vendingar. Eg opplevde at boka var spennande og eg har kost meg når eg har lese den. Viss du skal lese denne boka burde du kanskje lese den første boka i serien som er Bare spille ball. Forfattaren heiter Michael Stilson, han er ein tidlegare fotballspelar, så det er nok derfor han har skreve denne boka. Historia kan godt vere truverdig sjølv om det aldri har skjedd. Det er jo mykje fusk i fotball, mange talent som blir satt ned frå a-laget, som ikkje er så bra for karrieren deira. Men boka er heller ikkje noko fantasi. Boka var lett å lese men det kan vere litt stygg ordbruk. Språkbruken passer litt til innhaldet vil eg seie fordi det er mykje banning i vanleg fotball også, der eg spelar.
Alt i alt synest eg at boka var veldig bra skriven og at det er ingenting eg ville ha endra på. Det beste ved boka er spenningen synest eg. Boka fortel på ein måte korleis det er å vere ung, med festing og drama.


Gard Sønnesyn

Profflivet er ikkje berre moro!

Skrevet av 15. desember 2020 av Gard Sønnesyn på Luster ungdomsskole

Tittel: Alene gjennom
Forfattar: Michael Stilson
Etterfølgjar av: Bare spille ball
Forlag: Cappelen Damm
Tal sider: 249. s
Målgruppe: Ungdom og fotballinteresserte
Sjanger: Sport/drama
Utgjeve: 2020

Profflivet er ikkje berre moro!

Boka handlar om Fredrik på 17 år som spelar i Obos-Ligaen. Han har det veldig bra der, men faren ønskte at han skulle blir proff. Han får eit tilbod frå den tyske klubben Hertha Berlin, og faren hans får ordna ein overgang. Han tykte valet var vanskeleg fordi han ikkje ville reise fra lagkameratane sine og familien. Likevel så bestemmer han seg for å reise til Tyskland.
I Tyskland så han einsam og merkar at livet ikkje er så lett.
Fredrik blir ikkje tatt gått imot av laget sitt. Han slit med å finne til rette i klubben og han spelar ikkje så bra og blir degradert til juniorlaget. Kva skal han gjere?
Eg tykkjer boka passar for ungdom som likar sport, spesielt fotball. Boka var veldig spanande og kjekk å lese. Boka var lett å lese og språket var lett å forstå. Det var kanskje litt unødvendig mykje banning.
Eg levde meg inn i handlinga, då eg er glad i fotball sjølv. Det var og eit godt tempo i boka slik at den ikkje vart kjedeleg. Eg tykkjer boka er realistisk, fordi det ofte er tøft for dei som reiser utanlands for å bli fotballproff. Det er og mange som opplever at foreldra pressar ein til å gjere noko ein sjølv kanskje ikkje vil. Eg trur at eit av hovudpunkta med boka er at ein må sjølv bestemme kva ein vil, og ikkje late andre ta val for ein.

Eg vil anbefale boka til alle ungdomar som likar fotball.

Terningkast 5

Gard Sønnesyn

Vis flere anmeldelser

Til toppen