Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Stavanger Stories 2

Terje Torkildsen Samlaget 2018 19 anmeldelser

Ei ulukke har aldri ei enkel årsak. Ho er ei følgje av fleire uheldige hendingar som heng saman i ein serie. Kvardagslege handlingar som me menneske gjer, utan tanke på at dei kan få tragiske konsekvensar. Stavanger Stories 2 er fjorten Vis hele forlagsteksten

Hvordan skrive en anmeldelse?

Sara

Sara

Skrevet 19. oktober 2018 av Sara på Lom ungdomsskole 10B

Stavanger Stories
Denne boka handlar om livet til ein familie som bur i Stavanger. Eg tykjer at det burde vore ein betre introduksjon av familien, for forteljingane startar veldig rett på. Dette gjer så eg ikkje klarer å henge med. Forteljingane sluttar veldig brått, og midt oftast midt i spenningstoppen. Språket og handlinga er ganske drøy i dei fleste forteljingane, noko som gjer at denne boka er upassende. Boka burde hatt ei aldersgrense.
Det som er bra med boka er at den er ganske lettlest, fordi det er luft mellom linjene, og at det er om livet til ungdommar.
Eg gjev denneboka terningkast 2.


Tor

Tor

Skrevet 19. oktober 2018 av Tor på Lom ungdomsskole 10B

Stavanger stories
Boka handlar i hovudsak om Betty og broren hennar. Boka er littegrann vanskeleg å kome inn i, fordi det ikkje er så lett og kome inn i historia. Nokre av historiene er spennande, men dei fleste er kjedelige. Språket i boka er nokså grovt, det er også nokon av historiene. Boka fenga ikkje meg i det heile tatt. Historiene kunne vore lengre og betre slutt. Det som var bra med boka var det att alle vi høyrde om hadde ei historie kvar. Men alt i alt tykte ikkje eg at boka var særleg bra. Eg gjev terningkast 2


Mari

Mari

Skrevet 19. oktober 2018 av Mari på Lom ungdomsskole 10B

Stavanger Stories 2
Denne boka har hovedfokus på ein familie og folka rundt dei. For kvart kapittel kjem det nye novellar om familien. Dette forvirrar meg nokså mykje. Det som var så dumt var at når eg fyrst følte eg kom inn i handlinga så var kapittelet slutt. Ein vart liksom ikkje ordentleg kjent med hovudkarakterane. Denne boka var dessvere ikkje god nok for min sin del, rett og slett alt for forrvirrande.
Boka traff meg ikkje i det heile tatt, men er du glad i å lese novellar med bråe sluttar er nok boka fin.
Eg endar opp med å gje boka terningkast: 2.


Dina

Dina

Skrevet 19. oktober 2018 av Dina på Lom ungdomsskole 10B

Stavanger stories
Boka handlar om same familie, berre at det er mange forskjellige historier om hendelsar rundt dei. Historiane er om Betty oh broren hennar og om forskjellige ting som skjer i livet deira. Boka er vanskeleg å kome inn i, for det tek lang tid før ein skjønner poenget i historia. Språket i bok er veldig grovt, det same er nokre av historiane. Norke historiar var spanande, men dei fleste historiane var kjedelege. Boka er skriven for ungdommar. Rg gjev boka terningkast 4.


Maren

Maren

Skrevet 17. oktober 2018 av Maren på Surnadal ungdomsskole

Drøyt tema, drøyt språk!

Stavanger stories 2 av Terje Torkildsen

Denne boka handlar om alt muleg. For i kvart kapittel starta ei heilt ny historie, men med dei same personane og det var det som gjorde ho forvirrande. Det var det eg ikkje likte med den, for det var så vanskeleg og kome inn i ei ny historie, og i det du kom deg inn i handlinga og nærma deg spenningstoppen, var den ferdig og det var som oftast så alt for brå slutt.

Det var nokre kapitel som var heilt OK, mens andre var direkte dårleg, det var slik at eg eigentleg ikkje fekk lyst til og bla om på neste side. Grunnen til det var blant anna at den hadde ganske drøyt språk og tema, og det skulle vore aldersgrense!

Det står på baksida på boka at den handlar om liv og død, men det syntes ikkje eg. Den handlar om forhold i livet til Betty og Broremann, og alt som skjer med dei.

Eg anbefaler ikkje denne boka til å vinne Uprisen.

Eg gir den terningkast 2.

Vis flere anmeldelser

Til toppen