Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Stavanger Stories 2

Terje Torkildsen Samlaget 2018 19 anmeldelser

Ei ulukke har aldri ei enkel årsak. Ho er ei følgje av fleire uheldige hendingar som heng saman i ein serie. Kvardagslege handlingar som me menneske gjer, utan tanke på at dei kan få tragiske konsekvensar. Stavanger Stories 2 er fjorten Vis hele forlagsteksten

Hvordan skrive en anmeldelse?

Grethe

Grethe

Skrevet 22. oktober 2018 av Grethe på Lom ungdomsskole 10B

Stavanger stories
Denne boka handlar om ein familie frå Stavanger. Boka har fleire historier som er sette saman. I kvar historie kjem det stadig nye krisetilfeller som dukkar opp, men alt ordnar seg til slutt. Historiane i seg sjølv er spennande, somme meir enn andre. Boka er litt vanskeleg å forstå og det kunne godt ha vore skrive meir om familien som vi høyrer om. Eg tykjer heller ikkje noko om språket som forfattaren har brukt.
Eg gjev boka terningkast 3.


Kaia Svenning

Kaia Svenning

Skrevet 22. oktober 2018 av Kaia Svenning på Lom ungdomsskole 10A

Denne boka handlar om Betty og Broremann, i boka følgjer vi dei og deira familie i stavanger. Kvart kapittel i boka har forskjellige historier, noko eg ikkje likte i det heile tatt. Eg skjønte ikkje boka. Ho var veldig uryddig. Språket var veldig vanskeleg å fortså med vanskelege ord. Forfattaren har brukt vanskelege navn på dei i familien. Og det var vanskeleg å hugse kven som var kven.
Terningkast: 1


Ægir Grande Lyng

Ægir Grande Lyng

Skrevet 22. oktober 2018 av Ægir Grande Lyng på Lom ungdomsskole 10B

Innhaldet i denne boka er veldig forskjellig. Det handlar mest om nokre få hovudpersonar og ting dei gjer. I denne boka er det ei forskjellig historie for kvart kapittel. Det eg likte med boka var at det er stutt mellom kapittela, og ho er lettlesen. Noko som også er bra med boka er at det er lett å koma i gang med ho, og det er noko spennande i kvart kapittel. Det som ikkje var så bra med boka var at det var veldig mykje grov språkbruk. Difor gjev eg denne boka terningkast fire. Eg anbefaler denne boka til aldersgruppa fjorten til seksten.


Ruben

Ruben

Skrevet 22. oktober 2018 av Ruben på Den norske skole i Costa Blanca

Boka handlet om forskjellige folk som bor i Stavanger. Boka var vanskelig å lese og vanskelig å vite kva kapitel man er i. Kvart kapitel var ein ny familie så det blei vanskelig å holde tritt med boka. Gir boka terningskast 2.


Torgrim

Torgrim

Skrevet 19. oktober 2018 av Torgrim på Lom ungdomsskole 10B

Stavanger stories 2
Stavanger stories handlar om hendingar som har skjedd i Stavanger . Teksta følgjer ulike personar i Stavanger og kva dei gjer.

Da eg leste denne boka forventa eg ei historie der ein kunne leve seg inn i boka og kjenne korleis personane følte seg innanfor dei ulike situasjonane, isteden fekk eg ei bok med tung og treig historie. Kapitalane byrjar innvikla og nesten irriterande å lesa. Når du kjem inn i historia bombar teksta deg med meir innvikla informasjon som teksta hadde hatt bedre utan. Når du byrjar å leve deg inn i ei historie sluttar ho brått og let deg sitte att med ein følelse av at dette kunne ha slutta mykje bedre en det gjorde.

Likevel kan boka vere spenande å lese. På starten av eit kapitell byrjar du med lite informasjon som kan gjere teksta spenande og interessant å lese. Kapitalane startar vanlegvis med ei tekst som seier kva som hendar til slutt, men ikkje kva som kjem til å skje undervegs. Det gjer slik at du har lyst til å lese heilt til teksten gjev all informasjonen til deg. Nokre av tekstane skiftar perspektiv på personar nå og da for å så møttast på slutten av eit kapittel
Boka egnar seg for ungdommar sidan historiane handlar mest om ungdomane i stavanger.
Eg gjev boka terningkast 2

Vis flere anmeldelser

[x] Lukk vindu
Martine

Martine

Skrevet 10. oktober 2018 av Martine på Brandbu ungdomsskole

Dette er en bok jeg ble litt skuffet over. Jeg forventet tragiske ulykker som jeg kjente langt inn i hjerterota, men i stedet fikk jeg mindre problemer som jeg som regel ikke klarte å kjenne på kroppen i det hele tatt. Jeg føler forfatteren klarte å bruke et språk vi ungdommer ville brukt i dagligtalen vår, men det var noen ord jeg synes ble litt for mye, som vi ikke ville brukt. Jeg synes også at forfatteren fremstilte noen folk på en dårlig måte som jeg reagerte litt på. Noe jeg likte var at det var en novellesamling, så de gangene jeg begynte å bli lei begynte det straks en ny historie. Forsiden på boka forsto jeg ikke helt, så den ga meg ikke så mye. Jeg likte at vi fulgte den samme familien gjennom alle de fjorten fortellingene, så vi kjente igjen karakterene selv om det var forskjellige noveller. Dette er ikke en bok jeg ville lest igjen, men jeg kom meg gjennom den med en helt grei leseropplevelse.
Terningkast: 3

Til toppen