Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Kongenes bok (Villstjerne 2)

Chris Tvedt Cappelen Damm 2017 1 anmeldelse

Etter flere anslag mot Thorgils liv blir det tydelig at det også finnes en forræder inne i Tengri-La, dvergenes hovedstad. Thorgil innser at det bare er et spørsmål om tid før han enten selv blir drept, eller tar livet av Vis hele forlagsteksten

Hvordan skrive en anmeldelse?

Julie Petrine Lenningsvik

Julie Petrine Lenningsvik

Skrevet 1. november 2017 av Julie Petrine Lenningsvik på Korgen sentralskole

Dverger og magi

"Kongens bok" handlar om Thorgil, han har nettopp blitt krona til dverganes konge. Men den nye kongen bærer på ein sterk magisk kraft, som han ikkje greier å kontrollere. I kongens bok finnar Thorgil løysningen til problemet, ein sølvløks amulett. Men amuletten oppheld seg i Nazi Berlin. Greier Thorgil å finne amuletten, for så å kontrollere krafta?

Spenningen starte med ein gong, ein har berre lyst til å fortsette å lese å lese, for å finne ut kva som skjer vidare. Boken er svært fantasifull, forfattaren blander historier frå verkelegheitene med historier frå fantasien. Slik trur lesaren at ein veit kva som kjem til å skje, men likevel veit ein ikkje det.

Sjølv om boka er original og er på mange måtar som ingen bok eg nokon gonger har lese før, er det enkelte deler med boka eg kjenner meg igjen i. Enkelte delar forbinder eg med filmen "Hobbiten". Spesielt namnane. Far og son i den kongelege dvergfamilien i boka heiter Thorgil og Thorkan, mens i filmen heiter dei Thorin og Thrain. Når namnane er såpass lik pluss at både karakteren i film og bok er frå ein dvergkongefamilie, blir det ekstra samanliknbart.

Nokon steder i boka kjem eg over "rare" setningar. Som for eksempel "Kan hende har du rett…" Og "Kan hende ville han aldri…" Disse setningane følar eg er dårleg satt saman, og gjer at dei blir vanskelege å forstå. Det gjer at eg måtte sitte å tyde enkelte setningar, noko som var ein smule irriterande.

Karakter: 5

Til toppen