Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Elias og Emilie

Stein Erik Lunde Cappelen Damm 2013 3 anmeldelser

Åsgårdstrand 1904. Det som pleier å skje, skjer også denne sommeren: sol og måne skinner, dampbåten kommer og går, Edvard Munch bor i sitt gule hus, fisken biter og taterfølget slår leir i skogen. Men det er første gang Emilie Vis hele forlagsteksten

Hvordan skrive en anmeldelse?

Ronja Tammisto

Ronja Tammisto

Skrevet 8. januar 2014 av Ronja Tammisto på Hop

Tittel: Elias og Emilie
Forfattar: Stein Erik Lunde
Sider: 195
Forlag: Cappelen Damm
År: 2013

Boken handler om elias, en 16 år gammel fiskergutt. Elias er grenseløst forelsket i Emilie, en 16 år gammel rikmansdatter.

Det er en ok bok, men den er veldig lite interesant. Handlingen er ikke spennende i seg selv, og det er ingen spenningstopper i den overhode! Det er ingenting i teksten som får en til å ville lese videre.

Anbefaler du dennne boken?
Nei!


Tarjei Tjørhom

Tarjei Tjørhom

Skrevet 20. desember 2013 av Tarjei Tjørhom på Sinnes

Ei heilt OK bok
Denne boka handlar om Elias, fordi det som pleier å skje, det skjer også denne sommaren. Edward Munch bur i sitt gule sommarhus. Fisken bit som han alltid har gjort. Men det er noko som ikkje er som det skal, for det er ei jente, og det er eit reisefølgje i byen.
Denne boka er skriven på bokmål. Sjølv om teksten var interessant, så synest eg at det var få spenningstoppar. Dette gjer at boka ikkje er så spanande. Hadde det vore meir spenning, så hadde boka blitt bra, men som sagt så var det litt keisamt å lese.
Karakter: 4
Tarjei Tjørhom


Karsten

Karsten

Skrevet 11. november 2013 av Karsten på Sinnes Skule

Tittel: Elias og Emilie
Forfattar: Stein Erik Lunde
Sider: 195
Forlag: Cappelen Damm
År: 2013

I boka “Elias og Emilie” møter vi Elias, ein 16 år gamal gut frå Åsgårdstrand, som jobbar som fiskar. Elias leverer fisk til målaren Edvard Munch og andre folk som ferierer der. Det er ein familie Elias likar spesielt godt å levere fisk til, familien Ringvold. Familien Ringvold kjem frå Kristiania, har god økonomi og ikkje minst ei jente som Elias tykkjer er veldig pen. Likevel er det noko mellom dei, nærast som ein barriere som gjer at eit forhold mellom dei blir vanskeleg. Denne barrieren er ein annan gut med namn Ludvig Arctander. Elias finn ut at grunnen til at han ikkje klarar å få i gong eit forhold med Emilie er på grunn av Ludvig, som tilsynelatande er kjærast med Emilie. Det blir ein klassisk kjærleiksroman kor Elias må ta vanskelege val.

Dette er den 17 boka til Lunde. Boka har veldig få spenningstoppar. Det meste av handlinga som skjer er ganske openbar. Utanom slutten som kom heilt overraskande og litt urealistisk. Likevel er ho lett å lese, med lette setningar og korte kapittel. I tillegg er ho ganske interessant. Temaet i boka handlar om forelsking, lengsel og litt om fordommar. For eksempel så kan ein lese i boka om eit folk som heiter taterar, som reiser rundt frå plass til plass. Dette folket blir ofte fordømt av dei andre og kalla fantar (som betyr skattesnyltarar). Seinare finn Elias ut at han har eit større forhold til dette folket enn det han kanskje trudde. Dette er kanskje bodskapen med heile boka. For min del er ikkje dette ei bok eg ville tenkt på dersom eg skulle anbefala ei bok. Men likevel meiner eg at dersom ein opnar boka på første side og byrjar å lese med eit heilt ope sinn, vil boka sikkert falle godt i smak hjå dei aller fleste. Det gjorde ho hjå meg.

Til toppen