Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Audrey ut av mørket

Sophie Kinsella Gyldendal Oversetter: Hilde Stubhaug 2017 1 anmeldelse

Audrey har hatt et sammenbrudd. Hun klarer ikke gå ut av huset. Hun kan ikke engang ta av seg de mørke brillene inne i huset. Så snubler brorens venn Linus inn i livet hennes. Med sitt vennlige smil og herlige Vis hele forlagsteksten

Hvordan skrive en anmeldelse?

Emma Putnam

Emma Putnam

Skrevet 11. desember 2017 av Emma Putnam på Kinsarvik Skule

Tittel: Audrey ut av mørket
Forfattar: Sophie Kinsella
Oversatt av: Hilde Stubhaug
Original tittel: Finding Audrey
Forlag: Gyldendal
Antall sider: 318

“Audrey ut av mørket” handlar om 14-år gamle Audrey som fortel korleis ho opplev det å ha sosial angst. Ho er på bedringens veg og ved hjelp av psykologen sin Dr. Sarah, Linus og familien skal ho klare å komme seg ut av situasjonen. Historien er ein fin blanding av komedie og romantikk, men den tar og opp alvorlige tema.

Boka har ein oppslukande start, ein må vite kva som foregår, og ein kjem seg enkelt inn i settingen. Spenningskurva gjennom historien held seg for det meste stabil. Det er ikkje ekstreme kontrastar ved det som skjer, men den har små spenningstoppar som gir liv til historien. Den er definitivt vanskelig å legge frå seg, og det kjem alltid nye spørsmål som ein vil vite svaret på. Indre spenning er det i vertfall ikkje mangel på. Eg fekk alltid eit inntrykk av korleis Audrey følte seg, og det var ein gripande historie. Allikevel var det ein del ytre spenning som ofte omhandla den litt forvridde familien hennas, og med dei kvardagslige tilstandane var det lett å kjenne seg igjen i historien.

Det er få forfattarar som skriv om psykiske lidelser på denne måten, og det gjorde historien ganske original. Allikevel hadde den ein del klisjear, ikkje at det treng å vera ein negativ ting. Det einaste som trakk ned vurderingen av boka var det faktumet at Kinsella framstilte det som om det var kjærleiken som fekk Audrey ut av den psykiske lidelsen, og at det er det som er kuren for sosial angst, noko som ikkje er tilfellet i dei fleste situasjonar. Ellers var det ei utrulig bra bok. Språket var lett å lese og overgangen frå hovuddelen til slutten hadde god flyt. Slutten på boka var veldig fin, det gjorde liksom ikkje så mykje at ein ikkje fekk svar på alle spørsmåla.

Alt i alt var det ei morsom og troverdig historie som etterlata seg eit godt inntrykk. Boka fekk meg til å villa lesa meir av Sophie Kinsella, og eg vil absolutt anbefala den vidare til andre!

Til toppen