Hopp til innholdet
Hjem/Aktuelt/

«Eg vil vere ei røyst for dei røystelause»

Forfattarintervju
15. januar
2024

«Eg vil vere ei røyst for dei røystelause»

Omar Mohamed fortel at den gongen han har vore mest redd i heile sitt liv var da veslebroren Hassan forsvann i eit par døgn. I dag bur brørne saman i USA. FOTO: Beate Simarud for Flyktninghjelpen

Hassan er borte. Han har vore borte ein heil dag og ei heil natt. Omar veit ikkje om veslebroren lever. Kanskje har han blitt eten av ville dyr? Flyktningleiren dei bur i, ligg midt i ingenstad, det bur ingen andre her ute, og det er alltid ville dyr i nærleiken. Store løver og hyenar som hyler om natta. Kanskje forsøkjer han å leike med dei ville dyra. Han forstår jo ikkje kor farlege dei er. Det er derfor Omar må passe på han heile tida, men Omar må gå på skulen også, og då må Hassan vere igjen aleine. Som regel går det fint, men ikkje denne gongen. Hassan har aldri vore borte så lenge før, og alt Omar klarar å tenkje, er at det er hans skuld. Han skulle ha halde seg heime. Han skulle ha passa på. Han skulle ha sørgt for at Hassan ikkje kunne forsvinne.

Julie Sandsnes og Eira Kluge
Forfatter
Det er to versjonar av denne teksten. Ein på nynorsk her på nett, og ein på bokmål i papirmagasinet. Du kan høyre begge versjonane her.

Lytt til teksten som lydklipp:

Lytt til teksten som lydklipp:

I dag bur Omar Mohamed og veslebroren Hassan, som er utviklingshemma og ikkje-verbal, trygt saman i USA. Vi møter han på ein kafé sentralt i Oslo sentrum. Besøket til Noreg kjem av at den biografiske teikneserien hans Stjerner i mørke nett kom ut på norsk. Han fortel historia om Omar og Hassans oppvekst i flyktningleiren Dadaab i Kenya.
Boka er blitt omsett til fleire språk fordi det er ei historie som treffer mange. Korleis er det å vite at så mange blir rørte av historia di?
Eg kjenner meg heldig. Det er veldig motiverande å sjå at folk likar ho og set pris på at slike historier finst i verda, for om dei ikkje blir fortalde, er det vanskeleg for folk å forstå korleis det er i ein flyktningleir.
Du er ei form for talsperson for flyktningar. Kva tenkjer du om det?
Det er ein av hovudgrunnane til at eg vil fortelje historia mi. Eg vil vere ei røyst for dei røystelause. For historia mi liknar på historiene til andre flyktningar, om dei flyktar frå Ukraina, Palestina, Afghanistan eller Somalia.

Omar Mohamed skreiv den sjølvbiografiske teikneserien "Stjerner i mørke" om oppveksten i ein flyktningleir. Boka er illustrert av Victoria Jamieson.

Arbeidet ditt gjennom velgjerdsorganisasjonen Refugee Strong fokuserer på utdanning. Kan du seie litt om kvifor skule og utdanning er så viktig for deg?
Skulen var ikkje tilgjengeleg for alle borna i leiren. Klasseromma var fulle. Det var ikkje nok pultar, ikkje nok stolar, ikkje nok bøker. Det var heller ikkje nok pennar eller blyantar til å skrive med. Du kunne ha ei notatbok til fem fag. Og berre ein blyant som du måtte bruke til du ikkje kunne halde han lenger. Eg plar å fortelje om dette til elevar som bur i Noreg og USA, for eg vil at dei skal utnytte dei mange ressursane dei har. Dei forstår kanskje ikkje kor viktig det er med pennar, blyantar, skular og alt skulemateriellet dei har. Dei forstår det ikkje, for dei har alltid hatt alt dei treng. Dei forstår ikkje at det finst born som skulle ønskje dei kunne gå på skule, men som ikkje får moglegheita. Dei ønskjer seg ein penn eller ei bok å skrive i, men det finst ikkje. Her tek ein det for gitt, og ein forstår ikkje kor viktige slike ting er. Berre det å ha ein skule, ein lærar, bøker å lese. Det finst menneske som ikkje har noko å lese i, men som skulle ønskje dei kunne få lese bøker. Vi må vere takksame for at vi er så heldige, og utnytte dei ressursane vi har.
I boka samanliknar du flyktningleiren med eit venterom, og du skriv om korleis det påverkar eit ungt sinn å ikkje vite kva som skal skje vidare. Kan du seie litt om kva det gjer med oppveksten?
Det er ein av dei vanskelegaste situasjonane nokon kan vere i. Du går på skulen, du et lunsj, du drar heim, og du veit ikkje om du får mat. Du uroar deg for det ukjente døgnet rundt, du kan ikkje legge planar. Det er spesielt vanskeleg for dei føresette, for dei uroar seg for borna sine, og dei kan ikkje gi dei noko. Barnet deira kan gråte etter vatn eller mjølk, og dei har ingenting å gi dei. Du må vente på alt. Du må vente i kø for å få vatn, du må vente i kø for å få mat. Du må vente i kø på sjukehuset når du er sjuk. Du må stå i kø og vente, og kanskje er det tomt for vatn, så du må kome tilbake neste dag. Men det lærer deg å vere tolmodig og å aldri gi opp håpet.
Korleis var det å kome til USA? Det må ha vore ein sterk kontrast.
Dei to første åra i USA var veldig vanskelege. Det var ei stor utfordring, for du må gløyme alt du kunne, og lære alt på nytt. Mange trur det er enkelt, men det kjem an på korleis ein blir motteken av dei som bur der. Eit morosamt døme er at vi måtte lære å spyle ned i toalettet, for ein har ikkje slike doar i flyktningleirar. Vi måtte også lære å låse dører og slå av ting. Sånt ein lærer når ein er liten.

FOTO: Beate Simarud, Flyktninghjelpen.

Flyktningar må lære å ta buss og tog, dei må lære å gå i gatene, å lage mat, å vaske. Så lokalsamfunnet speler ei viktig rolle. Om ein ser ein person som ikkje liknar på ein sjølv, som snakkar annleis, som kler seg annleis, så er det bra å bli kjent med han, å snakke med han. Kanskje det vil gjere den personen tryggare enn om ein unngår dei. Eg seier alltid til yngre lesarar at dei må snakke med folk som ikkje liknar på dei, og som er frå andre stader. Dei snakkar ikkje flytande norsk, dei snakkar kanskje eit anna språk, dei har aksent når dei forsøker å snakke engelsk eller noko anna, og det er heilt greitt. Det er greitt å snakke eit anna språk. Det er greitt å sjå annleis ut. Ungdom speler ei stor rolle i å ønskje ungdom frå andre stader velkomen til skulen. Det har mykje å seie for om desse ungdommane vil lykkast både på skulen og i sitt nye liv.
Flyktningkrisa blir stadig verre, og på grunn av nylege hendingar er det mange som vil hjelpe til. Har du nokon framlegg til kva unge kan gjere for å hjelpe?
Det viktigaste folk kan gjere, er å bidra til bevisstgjering. Mange trur at ein berre kan hjelpe ved å donere og gi noko, men det er ikkje den einaste måten. Det handlar om å spreie medvit om kven desse flyktningane er. Kvifor er dei flyktningar? Ein må forstå at ingen har valt å vere flyktning eller valt å vere amerikanar. Det er tilfeldig. Kvifor kjem dei til Noreg, Europa, USA eller Canada? Det er viktig, og kven som helst kan gjere det. Snakk om flyktningar rundt middagsbordet eller med venene dine.
Kva håper du unge lesarar sit att med etter å ha lese boka di?
Eg håper dei forstår at ein må vere snill og aldri gi opp håpet. Eg håper dei forstår at ein ikkje er aleine om å ha det vanskeleg. Alle har det vanskeleg på eit eller anna tidspunkt i livet. Men samtidig må ein hugse at det alltid er nokon som er i ein verre situasjon enn ein sjølv. Det er viktig å vere takksam for det ein har. Det er lett å gløyme kor heldig du er som har eit hus, som har klede og bøker, og at du har familien din og lever i fred. For mange er det sjølvsagt, men det er så mange som skulle ønskje dei hadde alle desse tinga. Så ver takksam for alle ressursane og moglegheitene du har i Noreg, som andre berre kan drøyme om. Det er viktig å reflektere over dette og sette seg inn i andre sin situasjon og møte andre med omsorg.

Bonusinnhald

Flyktninghjelpen

Refugee Strong

Stjerner i mørke

Av Omar Mohamed og Oversetter: Therese G. Eide

Foreldreløse Omar og lillebroren Hassan har levd det meste av livet uten mor og far i Dadaab, en enorm flyktningleir i Kenya. Livet her er tøft: Det er aldri nok mat, det er dørgende kjedelig, og de får ikke legehjelpen Hassan trenger. Men da Omar en dag får tilbud om å begynne på skolen, må han ta et valg som kan endre livet deres … Med humor og imponerende fortellerkraft skildrer serieskaperne livet i en flyktningleir fra et barns perspektiv. Stjerner i mørke er basert på den selvbiografiske fortellingen til den tidligere somaliske flyktningen Omar Mohamed, og tegnet og fortalt av den velrennomerte amerikanske serieskaperen Victoria Jamieson. Det er en varm, sterk og rørende historie om vennskap, motgang og håp, og om å forme sin egen framtid.

Les også